Pedagogisk leiar
Måseide barnehage, Sula kommune
Myrbekkane 15, 6036 Mauseidvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Måseide barnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.2026
Måseide barnehage er ein 4-avdelings barnehage, som ligg lunt og skjerma til på same tomt som gamle Måseide skule i Mauseidvåg. Vi har gapahuk og grue på uteområdet vårt, i tillegg til turmoglegheiter i nærmiljøet - tilpassa ulike behov. Uteområdet vårt vart oppgradert for få år sidan med nye leikeapparat.
Vi har to småbarns- og to storbarnsavdelingar. Der er eit godt og tett samarbeid mellom alle avdelingane.
Barnehagen sin visjon, verdiar, pedagogiske målsettingar og satsingsområde ser vi på som vår misjon - vårt oppdrag som skal stadfeste kven vi er til for, kva vi skal bidra med og kva vi skal bidra til.
Vårt pedagogiske grunnsyn tek utgangspunkt i ein autoritativ vaksenstil, som blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønskjer skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren.
Vår visjon: Tryggheit - meistring - og gode opplevingar.
Vårt pedagogiske grunnsyn: Vi vaksne skal bygge varme relasjonar til barna samtidig som vi set grenser på venlege, trygge og forklarande måtar, gjennom respekt, kjærlege hender, eit klokt hode og eit varmt hjarte.
Måseide barnehage jobbar i tråd med Sula kommune sin plan for Kultur og oppvekst, samt Samfunnsplanen for Sula kommune og vi har fokus på god kvalitet i tjenestene. Vi søker difor ein person som vil vere med å bidra i dette arbeidet saman med resten av personalgruppa på Måseide barnehage.
Du kan lese meir om barnehagen vår på Sula kommune si nettside, under oppvekst og utdanning.
Arbeidsoppgåver
Leie det pedagogiske og administrative arbeidet på avdelinga, ved både små- og storbarnsavdeling, i tråd med stillingsinnhald for pedagogisk leiar.Arbeide i tråd med barnehagen sin visjon, verdiar og standardar.
Arbeide i tråd med Rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområder.
Gi ditt bidrag for at vi saman er fagleg oppdatert og dyktige.
Vere ein god samarbeidspartnar for personal, foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning.
God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
Stabilitet og tilstedeværelse vil bli vektlagt. Det vil bli tatt omsyn til samansettinga i personalgruppa.
Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Attestar og vitnemål skal leverast først ved eit eventuelt intervju.
Personlege eigenskapar
Vere fleksibel og løysingsorientert.
Ta positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team.
Like å vere mykje ute, og vere aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne, samt kunne legge til rette for inspirerende leikemiljø.
Vere ein positiv bidragsyter i endrings- og utviklingsarbeid, og vere lojal mot det som vert bestemt.
Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
Kunne arbeide ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.
Faglege og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Å arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling.Spennande samarbeid i Sula kommune med mellom anna fokus på Læringsreisa til barna, og utviklingsarbeid.
Godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
Lønn etter hovedtariffavtalen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer.
God offentleg tenestepensjoni KLP med gode låne- og forsikringsvilkår.
Nærare opplysningar om stillinga - ta kontakt med styrar Anette Korsnes Andersen.
Kontaktinformasjon
Anette Korsnes Andersen, Einingsleiar, +47 98636134Arbeidsstad
Myrbekkane 156036 Mauseidvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5038913747
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 23.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Anette Korsnes Andersen
Einingsleiar
+47 98636134
Om bedriften
Vi har to småbarns- og to storbarnsavdelingar. Vi har eit godt og tett samarbeid mellom alle avdelingane.
Barnehagen sin visjon, verdiar, pedagogiske målsettingar og satsingsområde ser vi på som vår misjon - vårt oppdrag som skal stadfeste kven vi er til for, kva vi skal bidra med og kva vi skal bidra til.
Vårt pedagogiske grunnsyn tek utgangspunkt i ein autoritativ vaksenstil, som blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønskjer skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren.
Vår visjon: Tryggheit - meistring - og gode opplevingar.
Vårt pedagogisk grunnsyn bygger på tanken om ein autoritativ vaksenstil: Vi vaksne skal bygge varme relasjonar til barna samtidig som vi set grenser på venlege, trygge og forklarande måtar, gjennom respekt, kjærlege hender, eit klokt hode og eit varmt hjarte.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2e05a2af-d22a-4180-bf48-bac70901c948
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7728b208d4ce4fbdb4447a248de457e7
Lignende annonser
Pedagogisk leder i barnehage
Arbeidsgiver
Klipra Barnehage Sa
Sted
Ålesund
Pedagogisk Leder/barnehagelærer
Arbeidsgiver
Nymarkbakken FUS barnehage as
Sted
Langevåg
Arbeidsgiver
Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund ytre
Sted
Ålesund