Ferievikarar helse- og omsorgsetaten Ulstein kommune
Stillingsannonsen er inaktiv.Ulstein kommune
Ulsteinvik
Er du i relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse og/eller erfaring frå helse og omsorg? Eller kanskje ønskjer du å finne ut om arbeid i omsorg er noko for deg?
Helse- og omsorgsetaten i Ulstein kommune treng ferievikarar for sommaren 2023.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ferievikarar til ulike avdelingar ved
- Alvehaugen (sjukeheim, omsorgsbustader, kjøkken, aktivitør, ambulerande vaktmeister, fysioterapi, dagsenter for eldre)
- Heimetenestene (omsorgsbustader ved Ulshaugen og Holsekerdalen, teneste til menneske med utviklingshemming, heimehjelpa og heimesjukepleia)
Personlege eigenskapar
Alle som får tilbod om stilling må levere tilfredsstillande politiattest av ny dato før oppstart, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4- Ved fleire avdelinger er det krav om førarkort for personbil.
Vi søkjer primært etter personar over 18 år og treng søkjarar som kan arbeide i perioden frå veke 25-33. I søknaden må du skrive telefonnummer, kva periode du kan arbeide og kva type sertifikat du har. Fortel litt om deg sjølv i søknaden, og om du har ønske om arbeidsstad og arbeidsoppgåver.
Legg ved vitnemål og attestar, då desse dannar grunnlag for fastsetting av ansiennitet og løn.
Vi tilbyr
Ved helse- og omsorgsetaten får du ein variert arbeidsdag saman med kjekke kollegaer og ei god arbeidserfaring for karrierevegen vidare.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ulstein kommune
Adresse
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Hjemmeside
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. mars 2023
Hentet fra: POLARIS
Referanse: 35152
Stillingsnummer: 2da9f9bb-cc73-4a7d-b5f0-9608e1700598