Avdelingsleiar studiespesialiserande utdanningsprogram
Org. nr: 923720782 Stillingsident: 4216480943 Presentasjon av stillingen:
Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.
Arbeidsoppgåver
Vi har ledig stilling som avdelingsleiar for studiespesialiserande utdanningsprogram. Ansvar for andre utdanningsprogram kan også bli tillagt stillinga. Til stillinga ligg det inntil 30 prosent undervisning
Avdelingsleiaren er ein del av skulen si leiargruppe
Arbeidsoppgåver:
• leie avdelinga og ha personalansvar for tilsette som underviser på studiespesialiserande utdanningsprogram
• leie fagseksjonar og elevteam
• leie samarbeidet med eksterne støttefunksjonar
• utvikle skulen i samsvar med fagfornyinga som startar hausten 2020
• stimulere til fagleg- og pedagogisk samarbeid og utvikling
• følgje opp tiltak frå planar og styringsdokument
• følgje opp elevane sitt læringsmiljø og resultat
Kvalifikasjonar
• relevant høgare fagutdanning frå høgskule eller universitet
• praktisk-pedagogisk utdanning
• undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr
• undervisningserfaring frå vidaregåande skule
• relevant arbeidserfaring og gjerne leiarerfaring
Personlege eigenskapar
• tydeleg leiar med open og inkluderande leiarstil
• evne til å leie, inspirere og motivere
• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• god til å planlegge og organisere ulike oppgåver
• utviklingsorientert med god gjennomføringsevne
• ansvarsbevisst, strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
• Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit sterkt og inkluderande fagmiljø
• Gode vilkår for fagleg utvikling
• Løn etter avtale
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ta kontakt med rektor Åsta Navelsaker Røed, telefon 415 30 837
Kontaktinformasjon
Åsta Navelsaker Røed, rektor , 57638303
Arbeidsstad
Nordfjordvegen 9109
6718 Deknepollen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4216480943
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2020