Driftsleiar/Assisterande seksjonsleiar
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4386828347 Presentasjon av stillingen:
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket.
Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Vaskeri er ei av einingane og har som oppgåve å forsyne Helse Bergen med tekstilar for pasientar og tilsette på dei sjukehus og institusjonar i føretaket som nyttar tekstilar i sitt arbeid.
Hospitaldrift Vaskeri søkjer etter ein motivert og aktiv driftsleiar/Assisterande seksjonsleiar som trivast med produksjonsarbeid. Ved å arbeide hos oss får du vere med å drifte ein produksjon som behandlar nytt produksjonsutstyr og som har fokus på rasjonell drift og godt samarbeid mellom seksjonane og kundane våre.
Sjukehusvaskeriet vaskar mellom 11 og 12 tonn tekstilar kvar dag, fem dagar i veka. Vårt produksjonsanlegg er i eige bygg på hovudområdet til Haukeland universitetssjukehus. Vi vaskar primært for Helse Bergen, men har i tillegg produksjon for nokre eksterne kundar.
Produksjonstida varierer innanfor tidsrommet frå kl. 06.00 til 17.00, måndag til fredag.
Søknadar på anna språk enn norsk vil ikkje bli vurdert.
Arbeidsoppgåver
- Dag til dag styring av produksjonen under seksjonsleiars overordna leiing
- Dagleg oppfølging av måloppnåing
- Bidra inn i arbeid med prosess- og kvalitetsforbetring
- Bemanningsplanlegging
- Registrering av fråvære og innkalling av ekstrahjelp
- Igangsetjing og stopp av maskinar, handtering og enklare vedlikehald av maskinar
- Brukaropplæring
Kvalifikasjonar
- Høgskule/fagskule eller fagbrev innan vaskeri, logistikk, produksjonsteknikk eller anna relevant fagutdanning er eit fortrinn, for eksempel husøkonom. Lang erfaring kan kompansere for manglande fagutdanning
- Arbeids- og leiarerfaring frå vaskeribransjen, hotelldrift eller anna produksjonsindustri er ein fordel
- IT- kompetanse
- Særs gode norskkunnskapar
- Gode leiareigenskapar og gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar
- Du har evnen til å motivere og leiie andre
- Du kan prioritere og handtere fleire oppgåver på same tid
- Effektiv, resultatorientert og pliktoppfyllande
- Lojal til avgjerder og prosessar
- Godt initiativ og samarbeidsevne, kunne arbeide både sjølvstendig og i grupper
- Vårt arbeidsmiljø skal vere prega av engasjerte og motiverte medarbeidarar som er opptekne å vere ein part på laget
Vi tilbyr
- Løn etter overeinkomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø og teamarbeid
Kontaktinformasjon
Marie Emilie Kästel Hansen, Seksjonsleiar produksjon, 55974882, marie.emilie.kastel.hansen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 65
5053 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4386828347
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.