Rettleiar, 100% + 80% vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4087312315 Presentasjon av stillingen:
NAV Gloppen er eit partnarskap mellom Gloppen kommune og staten. Kontoret har 11 tilsette (kommunalt og statleg tilsette) og ligg sentralt i Sandane sentrum.
NAV skal gje menneske moglegheiter og hovudmålet vårt er å få fleire i arbeid eller aktivitet. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement og som vil gjere ein forskjell for andre. Du vil få meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver, og jobbe saman med kollegaer med god fagleg kompetanse i eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig 100% + 80% vikariat som rettleiar frå snarast, i første omgang 6 månadar, men med mogleg forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Informasjon, råd og rettleiing på NAV sine tenester.
- Sakshandsaming etter lov om sosiale tenester.
- Økonomisk rådgjeving.
- Oppfølging av brukarar retta mot arbeid og aktivitet.
- Aktivt samarbeid og koordinering med arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskule/universitetsutdanning, helst innan sosialfag.
- Kompetanse og erfaring på sakshandsaming er ønskjeleg.
- Ynskjeleg med rettleiingskompetanse/erfaring.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Må kunne bruke IKT som arbeidsverktøy.
- Evne til å jobbe strukturert i ein hektisk kvardag.
Personlege eigenskapar
- Er målretta og løysingsorientert.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Likar å jobbe i team.
- Klarar å møte brukar med respekt og likeverd, samtidig som du har evne til å avklare forventningar og sette grenser.
- Har solid forståing for regelverk, rutinar og system.
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver.
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Kontaktinformasjon
Lars Berntzen, Einingsleiar, 93811472
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenummer:4087312315
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 10.06.2019
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sitt felles bu- og arbeidsmarknad på 40 ¿ 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.