Kantor/organist/kyrkjemusikar i Bore kyrkjelyd
Klepp kyrkjelege fellesråd har ledig inntil 35 % stilling som
KANTOR/ORGANIST/KYRKJEMUSIKAR i Bore kyrkjelyd.
Klepp kommune har ca. 20 000 innbyggjarar og ligg på Jæren.
Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Bore, Klepp, Orre og Frøyland/Orstad.
Bore kyrkjelyd har ledig ein deltidsstilling som kantor/organist/kyrkjemusikar.
Kyrkjelyden har ca 3 200 medlemmar og vert rekna som ein «tregenerasjonars-kyrkjelyd»
Det vert drive mykje godt frivillig arbeid. Stillinga går inn i ein stabsfellesskap som pr. i dag består av sokneprest, menigheitspedagog, sekretær, trusopplærar og dagleg leiar. Diakon er felles for alle kyrkjelydane i fellesrådet. Staben har kontor i Bjørkestubben 4 i Verdalen.
Bore kyrkje har eit Grönlund orgel med 14 stemmer. Ein orgelbygger har gjennomført omfattande service/rehabilitering av orgelet i år.
Bore sokn har totalt 80 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar. Stillinga vert i dag delt på to personar der organist i 35% stilling har hatt ei arbeidshelg pr månad med gudsteneste og eventuelle vigslar, samt 1,5 dag i veka med gravferder. Resten av tida vert disponert i samarbeid med stab og sokneråd. Arbeidsoppgåvene vil verta delt på dei to organistane utifrå interesser og praktisk gjennomførbarhet. Vår andre organist ynskjer ikkje utvida stilling.
Me har forskjellige typar gudstenester med varierte musikalske uttrykk. Det er vanlege gudstenester, familiegudstenester og G2. G2 er ei gudsteneste med meir moderne form og uttrykk, både musikalsk og på anna vis. Kantor/organist må kunna ta aktivt del i alle typar gudstenester. Personleg eigenskap og fleksibilitet samt evne og vilje til å arbeida i team er svært viktig og vil bli vektlagt. Mange frivillige er med og bidreg i eit spanande gudstenestefellesskap. Det er viktig å kunne samarbeida med frivillige i alle aldersgrupper. Kantor/organist samarbeider med kantor i Klepp om vigslar og gravferder i heile fellesrådsområde.
Les meir på vår heimeside borekyrkja.no
Arbeidsoppgaver
- Planleggje og gjennomføre gudstenester, viglsar og eventuelt gravferder og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab.
- Koordinera og leia deler av kyrkjelyden si musikalske verksemd, herunder kor, forsongarar og frivillige musikarar
- Engasjera og fylgja opp frivillige medarbeidarar i gudstenesta
- Bidra til kyrkjelydsutvikling i samarbeid med stab, sokneråd og andre aktørar.
Andre arbeidsoppgåver kan vera:
- Oppgåver knytt til konfirmantarbeid og trusopplæring.
- Ansvar for tilsyn og vedlikehold av kyrkja sine instrument
Kvalifikasjoner
- Allsidig orgel- og pianoferdigheitar
- Kunne meistra ulike musikalske uttrykksformer
- Erfaring frå kyrkjelydsarbeid og med å jobba i stab
- Kunne kommunisera godt på norsk, skriftleg og munnleg
- Lojalitet til kyrkjas grunnverdiar og visjon
- Det vil bli vektlagt om ein er personleg eigna for stillinga
- Kyrkjemusikalsk utdanning vil vera ein fordel
Personlige egenskaper
- Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirera, kommunisera og samarbeida godt med frivillige og stab
- Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
Anna
- Må vera medlem av Den norske kyrkja
- Må disponera bil.
- Den som vert tilbudd stillinga, må leggja fram godkjent politiattest før tilsetjing
Oppstart: 1.desember, eller etter avtale
Kontaktinformasjon
Hilde Kalvatn Eikeland, Dagleg leiar i Bore Sokn, 48 03 60 29Inger Kari Søyland, Kirkeverge, 40 40 60 14
Arbeidsstad
Bjørkestubben 44352 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kyrkjelege fellesrådReferansenr.:4566641299
Stillingsprosent: 35%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2022
Om bedriften
Klepp kommune har ca. 20 000 innbyggjarar og ligg på Jæren.
Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Bore, Klepp, Orre og
Frøyland/Orstad.
Les meir på vår heimeside www.klepp.kirken.no