Barnehagelærar
Er du leiken som eit barn og ansvarleg som ein vaksen? Vil du vere med å gje barna i barnehagane vår ein innhaldsrik og meistringsfylt kvardag?
Tysnes kommune har tilsaman fire barnehagar. Me er opptekne av at barnehagen er barna sin arena. Her får dei får leike, lære, oppleve meistring, møte tilsette som er gode på samspel og får vere ein del av eit fellesskap.Mottoet vårt er glade vaksne - glade barn!
No søkjer me etter positive, motiverte og engasjerte medarbeidarar som kan vere med å utvikle barnehagane vår vidare. For tida har me ledig ei fast stilling som barnehagelærar pt. i Stjernereiso barnehage, og ei mellombels stilling i Onarheim barnehage.
Det er ønskjeleg med snarleg oppstart.
Fortrinnsrett for interne søkjarar vil bli teke omsyn til ved tilsetjing. Stillingar i andre barnehagar kan verte ledig dersom endringar internt.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å skape eit trygt og godt læringsmiljø for enkeltbarn og barnegruppa
- Delta aktivt i leik og aktivitetar med barn
- Planlegge, gjennomføre, dokumentere og vurdere pedagogisk arbeid i barnegruppa
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til kunnskapsdeling med kollegaer
- Initiere og oppretthalde ett godt samarbeid med foreldre, kollegaer og leiar
- Rettleie kollegaer slik at de saman kan skape eit godt leike og læringsmiljø
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Meistre relevant dataverktøy
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må levere gyldig politiattest, jf. barnehageloven § 30
Personlege eigenskapar
- Evnar å ta barneperspektivet, legge til rette for, og deltar i barn sin leik og utvikling
- Viser fleksibilitet, kreativitet og stort løysingsfokus
- Har evne til å motivere og inspirere sine kollegaer
- Er sjølvstendig, strukturert og målretta
- Er positiv, engasjert og har gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Me tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %
- Faglege utfordringar i eit spanande og positivt arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Løn etter kommunalt regulativ
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehage, 957 48 374Arbeidsstad
Uggdalsvegen 3015685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommuneReferansenr.:4561680997
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 16.10.2022
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.