Rekrutteringssak - Vernepleiar 4 x 100 % fast Bu- og habilitering
Omtale av stillinga:
Inntil 4 stillingar på 100 % som vernepleiar ved Bu- og habilitering. Stillingane er tillagt ansvar knytta til oppfølging, kartlegging og utarbeiding av ulike tiltak for tenestemottakarane.. Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar praktisk og personleg hjelp samt aktivisering. Stillingane inneber turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg.
Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse.
Vi søkjer
Etter personar med 3- årig høgskuleutdanning innan vernepleie. Andre med 3- årig høgskuleutdanning innan helse kan bli vurdert.
Søkjarar må ha sertifikat på bil.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- Relevant arbeidserfaring
- Gode IT-kunnskapar
- Førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Link til søknadsskjema: Send søknad