Vikarliste for kommunale barnehagar
Etter lov om barnehage av 5. mai 1995 nr. 19 - §20, må den som skal tilsetjast i barnehage leggja fram politiattest før han/ho tek til i stillinga. Attesten må ikkje vera eldre enn tre månader.
Politiattest skal leverast til styrar ved tilsetjing saman med skattekort, kontonummer og godkjende kopiar av vitnemål og attestar.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.