Helsesekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4239080146 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for barnemedisin og habilitering barn og ungdom består i Kristiansund av Sengepost barn og unge og Poliklinikk barn og unge. Avdelinga har 2,5 stillingar for helsesekretær/sekretær.
Vi har ledig fast 100% stilling for helsesekretær/sekretær fra og med 20.juli 2020
Arbeidsoppgåver
- Stillinga medfører dagarbeid måndag - fredag
- Elektronisk handtering av tilvisingar og innkomande post
- Elektronisk dokumentbehandling
- Skrivearbeid
- Oppsett av polikliniske timar
- Registrering av poliklinikkbesøk
- Telefonbetjening
Kvalifikasjonar
- Gode norsk-kunnskapar muntleg og skriftleg
- Gode skriveferdigheiter
- God kjennskap til elektronisk pasientjournal og pasientadministrative rutiner er ein fordel (MyWay2PAS og Doculive)
- Formell kompetanse (autorisert helsesekretær)
- Relevant kompetanse og erfaring frå arbeidsområdet kan erstatte krav om formell kompetanse
Personlege eigenskapar
- Må vere høfleg og imøtekomande
- Ha positiv innstilling og vere med å opretthalde eit godt arbeidsmiljø
- Kunne arbeide strukturert sjølvstendig i ein hektisk kvardag
- Ha god evne til samarbeid både med eigen og andre yrkesgrupper
- Arbeide nøyaktig og vere løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Eit godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, 71121558 , siv.helen.kristoffersen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4239080146
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal