Sommarvikar ved Vossestrand Omsorgstun
Om arbeidsstaden
Vossestrand omsorgstun/Område nord i Helse- og omsorg har samorganisert helseteneste. Personalet arbeidar både inne på institusjon og i heimetenesta. På Vossestrand Omsorgstun er det 27 pasienter fordelt på 3 tun. Vossestrand omsorgstun har også ei dagaktivitetsavdeling for pasienter på huset og heimebuande.
Arbeidsoppgåver
Me søkjer
Sjukepleiarar/vernepleiarar/andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
Hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar
Studentar/elevar/lærlingar
Assistentar innan pleie, heimetenester og reinhald
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
god opplæring
eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
gode forsikrings- og pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre.
Attestar og vitnemål vert å ta med ved evt intervju.
Hugs å gje opp referansar.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.