Stilling som kulturtrainee for elevar ved vidaregåande skule f.t. ved avd. Kultur og kommunikasjon
Beskrivelse
Nord-Fron er ein kommune med stor kulturaktivitet; frå årlege nasjonale festivalar av profesjonelle kulturarrangører, til vekentlege aktivitetstilbod til barn og ungdom drifta av frivillige organisasjonar.
I spekteret av kulturaktivitet er det og fleire tilbod som er drifta av kommunen, både av årlege og vekentlege hendingar.
Nord-Fron kommune tilbyr no ei traineestilling innan avdeling for kultur og kommunikasjon til elevar ved Vinstra vidaregåande skule. Stillinga er eit unikt høve for unge i vårt distrikt som ønskjer arbeidserfaring og eit innblikk innanfor kulturarbeidet i Nord-Fron kommune og regionen elles.
Arbeidsoppgåver
I stillinga som trainee i Nord-Fron kommune får du meir varierte arbeidsoppgåver enn kva ein vanleg tilsett får. Oppgåvene vil både vera knytt til ordinær drift og enkeltarrangement. Arbeidsmengde og intensitet vil difor variere gjennom året.
Av oppgåver kan mellom anna nemnes:
- servicemedarbeidar ved BUA Vinstra
- kioskpersonell/dørvakt ved Vinstra kino
- klubbmedarbeidar ved Vinstra ungdomsklubb ved behov
- prosjektmedarbeidar ved ungdomsarrangement som UKM, Statement og Kåja Camp
- oppgåver knytt til kommunale kulturarrangement som kulturkveld, Byfest, julegateopning, interne hendingar m.m.
Stillinga følgjer skuleåret 2021/2022.
Kvalifikasjonar
- du må vera elev ved vidaregåande skule
- du må kunne beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er
- motivert og nysgjerrig
- interessert i kultur
- fleksibel og løysingsorientert
- interessert i å knytte kontaktar innan kulturarbeid
- kundevenleg og serviceinnstilt
- sjølvstendig og strukturert
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- eit spanande, variert og lærarrikt arbeidsmiljø
- utfordrande og meiningsfulle oppgåver
- løn etter avtale
Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 700 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 13 200 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.