Borgund vgs - Ledig stilling som vikar reinhald
Vi søker etter
Reinhaldar, gjerne med fagbrev, som likar å arbeide der det er andre tilstades.
Opplysningar om stillinga
Ledig vikariat som reinhaldar i 95,77% stilling frå snarast til og med 31.07.2021
Reinhaldet foregår på dagtid.
Vi søker deg som
- Har god kompetanse på reinhald, gjerne har fagbrev.
- Forstår godt og kan gjere deg forstått på norsk.
- Er fleksibel og lett å jobbe saman med.
- Samarbeidar godt med andre.
- Likar å arbeide der det er fullt av ungdommar.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
- Løn ettertariff.
Om arbeidsplassen
Borgund vgs er ein yrkesfagleg skole med 900 elevplassar og 100-200 plassar for vaksne kandidatar. Skolen som ligg i Fremmerholen har 215 tilsette. Sjå meir om skolen på www.borgund.vgs.no
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.