Er du bioingeniør og vil bli vår nye kollega?
Laboratoriet Stord har ledig fast 100 % stilling i turnus for autorisert bioingeniør f.o.m 01.04.22 eller etter avtale
Laboratoriet Stord er eit av seks laboratorium i Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna, og utfører analysearbeid innan generell kjemi og immunologi og transfusjonsmedisin, i tillegg til døgnkontinuerleg drift, tapping av blodgivarar, blodprøvetaking mm. Det er alltid noko nytt å læra hos oss, noko som gjer arbeidskvardagen både utviklande og spennande. Laboratoriet har eit godt arbeidsmiljø og er ein triveleg arbeidsplass med høg kompetanse der nye tilsette vert godt ivaretekne.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.
Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod . Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger. Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodbank
- 3-delt turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Du er bioingeniør med norsk autorisasjon
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg
- Om du har erfaring frå laboratoriearbeid, vil det vere ein fordel
Utdanningsretning
- Bioingeniørfag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, ansvarsbevisst og samarbeidsvillig
- Du har høg arbeidsmoral og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivest i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle
mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å
leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, (+47) 53491094Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4474368630
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.03.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.