IKT-medarbeidar
Stillingsannonsen er inaktiv.Setesdal vidaregåande skule, administrasjonsavdeling, Agder fylkeskommune
4737 Hornnes
Arbeidsoppgaver
- Drift- og vedlikehald av skulen sine IKT-løysingar og utstyr (PCar, skriverar, digitale tavler, skjermar m.m.)
- Brukarstøtte for elevar og tilsette
- Bistå med opplæring i bruk av digitale hjelpemiddel og programvare
- IKT-teknisk bistand ved gjennomføring av eksamenar og prøver
- Bestille og motta utstyr
- Ansvar for skulen sitt IKT-servicekontor
- Kontaktperson mot IKT agder og mot leverandørar
- Rettleie IKT-lærlingar fram mot fagbrev
Arbeidsoppgåvene framgår av tenestekatalog som beskriv oppgåvefordelinga mellom IKT-medarbeidaren og IKT Agder. Endringar i denne oppgåvefordelinga eller i øvrige arbeidsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjoner
- Fagbrev innan IKT eller tilsvarande utdanning. I spesielle høve kan lang, relevant erfaring kompensere for kravet om formell utdanning.
- Førarkort klasse B
- Erfaring med tilsvarande stilling og arbeidsoppgåver er ein fordel
Personlige egenskaper
- Serviceinnstilt og løysingsorientert
- Sjølvstendig og fleksibel
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å rettleie både ungdom og vaksne
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling i eit IKT-nettverk i Agder fylkeskommune og IKT Agder
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Åshild Bødal, Avdelingsleder skole, +4748602401Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Agder fylkeskommuneReferansenr.:4605851305
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Setesdal vidaregåande skule, administrasjonsavdeling, Agder fylkeskommune
Adresse
Gymnasvegen 7, 4737 Hornnes
Hjemmeside
www.agderfk.no
Bli med å utvikla regionen vår saman med dyktige og engasjerte kollegaer! Viss du brenn for å gjera Agder til ein endå betre stad å leva, kan Agder fylkeskommune vera arbeidsgivaren for deg. Samfunnsoppdraget kan oppsummerast gjennom hovudmålet i Regionplan Agder 2030 om å utvikla Agder til ein miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig region i 2030 - eit attraktivt lågutsleppssamfunn med gode levekår. I Agder fylkeskommune er eit tillitsbasert medarbeidarskap og meistringsorientert leiing grunnleggjande for korleis me løyser samfunnsoppdraget.
Fylkeskommunen er det regionale forvaltingsorganet som blir styrt av det folkevalde fylkestinget. Agder fylkeskommune har over 3 000 kompetente tilsette som arbeider med vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, tannhelse, samferdsel, fylkesvegar, kollektivtransport, kultur og ei rekkje andre fagfelt innan regionale utviklingsområde.
Agder fylkeskommune er oppteken av eit inkluderande arbeidsliv og av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Agder fylkeskommune praktiserer meiroffentlegheit, jf. offentleglova § 11. Offentleg søkjarliste vil normalt innehalda namn på alle søkjarane. Det må finnast særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. offentleglova § 25. Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell behandling, gjer me merksam på følgjande: Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjar vil då få tilsendt informasjon om dette jamfør offentleglova § 25
Om stillingen
Stillingstittel
IKT-medarbeidar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 1. februar 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 2fa7626d55fd49bd89104b033d08af54
Stillingsnummer: 2c0e8486-0331-45a5-a2fe-06a93eb92419