Lege i spesialisering
Org. nr: - Stillingsident: 4215608227 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig fast stilling for Lege i spesialisering (LIS) ved Auge Ålesund.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk pasientbehandling
- Delta i vaktordning, 1 dag pr. veke, samt kvar femte helg.
Kvalifikasjonar
- Godkjent LIS 1-teneste
- Erfaring frå augefaget vert prioritert
Personlege eigenskapar
- Evne til fleksibilitet og effektivitet i pasientbehandling
- Gode samarbeidsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Meistre skandinavisk språk skriftleg og muntleg
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemsskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, 70105855
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4215608227
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2020
Søknadsfrist: 17.04.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal