Overlege - Auge Ålesund - Ålesund sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4067955658 Presentasjon av stillingen:
Klinikk for kirurgi - Avdeling auge, ØNH og kjevekirurgi - Auge Ålesund
Auge Ålesund har ledig fast stilling for overlege frå 1 .9.2019.
Auge Ålesund greier ut og behandlar dei fleste augelidingar. Vi handterar problem som optikar, fastlege eller den privatpraktiserande augelegen ikkje kan ta seg av. Vi utfører planlagde konsultasjonar der pasientar vert vurderte, utgreidde og behandla medisinskeller kirurgisk. Auge Ålesund dekker vakt for kommunene på Sunnmøre.
Stillinga inneber deltaking i vaktordninga, som i stor grad er basert på heimevakt på ettermiddag/kveld/natt og i helger.
Overlegen har elles ei sentral rolle i utdanning av nye LIS-legar, som supervisør og veiledar.
Ved mangel på kvalifisert spesialist, er det mulig at stillinga midlertidig blir omgjort til LIS.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må legge ved søknadsblankett for legestillingar
- Må meistre nordisk språk skriftleg og munnleg
- Gode samarbeidseigenskapar
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
-
Løn i samsvar med gjeldande avtaleverk
-
Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
-
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
-
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25).
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, (+47) 70105855, silje.johanne.farstad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4067955658
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.07.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har omlag 6500 tilsette. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande