Lærar
Me søkjer:
Lærar i 100% fast stilling v/Vikedal skule, frå 01.08.2019.
Hovudarbeidsoppgåver
- Undervisa i klassar frå 5. - 10.trinn.
- Spesialundervisning/TPO kan også bli aktuelt.
- For framtida kan ulike funksjonsstilling, som kontaktlærar, bli del av arbeidsoppgåva.
Kvalifikasjoner
Kompetanse i kroppsøving og naturfag for ungdomstrinn (60 st.p), spesialpedagogikk,
musikk og andre undervisningsfag frå 5. -10.klasse.
Andre opplysninger
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Ta kontakt med helsesøster viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper
- Me søkjer ein kollektivt orientert, ansvarleg og sjølvstendig lærar som er tydeleg og god klasseleiar.
- Me ønskjer deg som har gode evner til samarbeid med elevar, føresette, tilsette og andre samarbeidspartar.
- Søkjar må ha gode digitale dugleikar.
- Skulen oppmodar særskilt mannlege lærarar om å søkja jobben.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningsenter
- Bedriftskunstlag
- Gode senioravtalar
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Vindafjord kommune er IA -bedrift
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande avtaleverk
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vikedal skuleMe er ein kombinert barne- og ungdomsskule som i 2018-19 har 146 elevar.Me legg vekt på å skapa eit godt læringsmiljø for både elevar og vaksne. Mykje humør og humor gjer at me arbeidar og tenkjer bra saman, til beste for elevane si læring.