Miljøterapeut, fast 50% st
Innan miljøarbeidartenesta som har hovudbase på Lesjaskog, er det ledig fast stilling frå snarast
Stillinga har arbeid kvar 3.helg, turnus dag / kveld.
Kompetansekrav: Helst autorisert vernepleiar, eller anna helsefagleg H/U-utdanning.
Det er aktuelt å tilsette miljøarbeidar dersom vi ikkje får søkjar med vernepleiarutd./anna helsefagleg H/U-utd.
Lønn (rekna ut frå 100% st): Miljøterapeut: Kr 410.000-530.000 pr år.
Miljøarbeidar: Kr 350.800-450.000 pr år.
Dersom fast tilsett søkjer utvida stilling (jf HTA §2.3) og fyller kompetansekravet, vil vi bruke same søkjarmasse for å dekke opp evt mindre stilling som måtte bli ledig.
Nærare info: Leiar for miljøarbeidartenesta, Anne Marie Bryggen, 910 01 421
Søknad sender du til : Lesja kommune, innan 18.03.2020
Ver vennleg å sende søknad elektronisk via www.lesja.kommune.no, link til ledige stillingar. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Oversikt over utdanning og praksis skal framgå av søknaden. Det gjeld også evt interne søkjarar.
Politiattest (begrensa) skal leggast fram før oppstart i stillinga, jf Helse- og omsorgstenestelova §5-4.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Evt søknadspapir blir ikkje returnert.
Om bedriften
Lesja kommune er den største kommunen i Oppland i areal og har 1985 innbyggarar.
I Vest grensar vi mot Møre og Romsdal fylke. I Vest ligg Bjorli som er hovudsatsingsområde for turisme i kommunen.
Miljøarbeidartenesta består av eitt bufellesskap (Skoglund/Bekkefaret som ligg på Lesjaskog). Tenesta har også tilhøyrande arbeids- og aktivitetstilbod, Lesjaskog dagsenter.