Administrasjonssjef
Jobbnorge ID: 188174
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Administrasjonssjef
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei leiarstilling som administrasjonssjef (100 %) med tilsetjing snarast. Administrasjonssjefen ved IGS har personalansvar for administrasjonen som i dag tel 24 personar fordelt på to lokalitetar, og administrasjonssjef inngår i instituttet si leiargruppe.
Instituttet har sju fagområde innretta mot forsking, innovasjon og utdanning innan folkehelse, global helse og primærhelsetenesta. Vi har fem sentre, der Senter for internasjonal helse er det største, med eit tilknytt Senter for framifrå forsking; CISMAC.
Instituttet er del av Alrek helseklynge og flytter inn i nytt bygg i Årstadveien 17 hausten 2020. Alrek helseklynge er ei stor satsing frå UiB saman med fleire vestlandske institusjonar, på forsking, innovasjon og utdanning retta mot folkehelse og primærhelsetenesta.
Arbeidsoppgåver:
- Personalansvar for administrasjonen, dagleg drift av instituttet og overordna administrative funksjonar
- Ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar
- Saksbehandlings, utviklings- og utgreiingsoppgåver
- HMS-ansvar
- Økonomioversikt
- Delta i strategiarbeid og utvikling av administrasjonen
- Omstillingsoppgåver
- Rådgjevar og støttefunksjon for institutteiar og leiargruppa i administrative saker
- Sekretær for instituttrådet
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Relevant administrativ erfaring frå UH-sektoren er ein føremon
- Leiarerfaring er ein føremon
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode samarbeidsevner
- Vere strukturert og ha gode planleggingsevner
- Erfaring med søknadsprosessar innan forsking er ein føremon
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne i båe målføre og engelsk
Vi søkjer ein person som
- ønskjer å arbeide med administrasjon som støtter forsking, utdanning og innovasjon
- ønskjer å vere med på å utvikle Alrek helseklynge
- har evne til å involvere og motivere
- har stor grad av sjølvstende og er løysingsorientert
- har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- likar å jobbe med og har erfaring med endringsprosessar og omstilling
- likar å jobbe i eit hektisk miljø med stort spenn i arbeidsoppgåver
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som administrasjonssjef (kode 1058) i lønssteg i lønnsteg 65-75 (for tida kr 583 900 - 704 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Guri Rørtveit, tlf.: 55 58 61 41, e-post: guri.rortveit@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.