Er du vår nye Barnevernskonsulent i Øygarden kommune ?
Kort om stillinga
Vi har ledig inntil 100% fast stilling som barnevernskonsulent frå 01.05.2019
Familiens Hus i Øygarden kommune inneheld desse tenestene: Familieterapi, rådgjevar i førebyggjande arbeid,
kommunepsykolog, helsestasjon, psykisk helse, PPT og barnevern.
Føremålet med denne organiseringa er:
• Tidleg identifisera fysiske, psykiske og sosiale utfordringar hjå barnet og i familien.
• Sikra heilskapleg tenestetilbod og utvikla samordna og tverrfagleg service til brukarane.
• Utvikla kommunikasjons- og arbeidsmåtar der barn, unge og foreldre er delaktige.
• Skapa gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Arbeidsoppgåver
Sakshandsaming og klientarbeid etter lov om barnevernstenesta.
Samarbeid med dei andre tenestene i Familiens Hus,skule, barnehage og andre til barnets beste.
Kvalifikasjonar for stillinga
Relevant høgskule-/universitetsutdanning.
Erfaring frå sakshandsaming i barnevernstenesta er ynskjeleg.
Vi ser etter kandidatar som
Har god samarbeidsevne og godt humør.
Er ansvarsbevisst og serviceinnstilt.
Har evne til å arbeida sjølvstendig.
Identifiserer seg med målsettinga til Familiens Hus og vil arbeida for å vidareutvikla Familiens Hus og eit heilskapleg
tenestetilbod.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Utfordrande, kreative og inspirerande arbeidsoppgåver.
Høve til å påverka og utforma arbeidsplassen.
Godt kollegialt fellesskap og arena for samarbeid.
Løn etter avtale
Meir om søknaden
Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring
søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00.
Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Medlemskap i pensjonsordning hos KLP eller SPK. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Øygarden
kommune er IA- verksemd.
Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har
oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom
søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.
Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader, jf. barnevernloven § 6-10, første ledd, jf.
politiregisterloven § 39, første ledd.
Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju.
Søknadsfrist 11.03.2019 Utlyst dato 19.02.2019 Vårref Gungau
Kontaktperson
Anna Nesje Nes, Einigsleiar, mobil: 92815996, ann@oygarden.kommune.no
Åse Vik, Kommunalsjef helse- og omsorg, mobil: 93005178,
Om bedriften
Øygarden kommune er ein framtidsretta kyst- og industrikommune nordvest for Bergen med
omlag 5000 innbyggjarar. Reisetida frå Bergen til kommunesenteret på Rong er 40 minutt.
Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå 2020. Nye Øygarden kommune vert då den nest største kommunen i Hordaland med 40 000 innbyggjarar. Dei tre kommunane samarbeider allereie tett. Etablering av vår nye kommune er eit omstillings- og utviklingsprosjekt som vil få stor betydning for både innbyggjarar og tilsette. Me søkjer etter medarbeidarar som ønskjer å vera med på laget.