Aktivitør - engasjement 100% stilling
Ingress
Er du omgjengeleg, kreativ og omsorgsfull? Då kan dette vere jobben for deg! Vi søkjer etter deg som likar å jobbe med menneske og som spreier livsglede til folka omkring deg.
Vi har ledig eit mellombels engasjement på eitt år som aktivitør i 100% stilling fra 4.januar 2021 til 31.desember 2021.
Som aktivitør ved Ål helsetun vil du bli del av eit team som vektlegg gode dagar, trivsel og kvalitet i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Hovudbasen din som aktivitør blir på Stugu og i Nigarden på Ål helsetun. All aktivitet skal bli gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar. Du vil samarbeide tett med avdelingsleiarane for å planleggje aktivitetar for bebuarane.
Arbeidsoppgåver
o Tilby bebuarane tilpassa aktivitetar - individuelt og i grupper
o Dokumentere og rapportere tilbake til avdelingsleiarar og stab
o Samarbeide med Frivilligsentralen. Ansvar for ivaretaking av dei frivillige som vil bidra inn mot
Ål helsetun
o Skape trivsel i miljøet
o Dokumentere i journalsystemet vårt etter gjeldande lovverk
o Arrangere sosiale samankomstar med bebuarane - t.d. julefest, hattefest, haustfest, vaffelsteiking
på bålpanne, køyreturar, sangstunder, filmkveldar m.m.
Kvalifikasjonar
o Ønskeleg med arbeidserfaring frå liknande praksis
o Ønskeleg med utdanning som aktivitør
o Gode datakunnskapar
o Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (tilsvarande norskkurs B2)
o Politiattest. Denne skal ikkje liggje ved søknaden, men må bli levert snarast etter tilbod om stilling
og før tiltreding
Personlege eigenskapar
o Søkjer etter deg med godt humør som likar å gjere det vesle ekstra for bebuarane - på fulltid.
o Evne til å jobbe sjølvstendig og i team - både internt og eksternt
o Fleksibel
o Ansvarsbevisst, positiv og løysingsorientert
o Personleg eigna
o Søkjar bør ha førarkort kl B
Me tilbyr
o Lønn etter avtale
o Fleksibel arbeidstid
o Gode velferdsordningar
o Gode pensjons- og forsikringsordningar
o Full barnehagedekning
o Hjelp til å skaffe bustad
Om bedriften
Ål kommune er en utviklingsorientert arbeidsgiver for 650 engasjerte medarbeidere som er opptatt av å gi tjenester av høy kvalitet til alle innbyggere, unge som gamle. Ål kommune er rangert blant de 10 beste norske kommuner i UNICEFs rapport om kvaliteten i barns oppvekst- og levekår. Ål kommune fokuserer på stadig bedre læring, tverrfaglig arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av Ål kommune sitt pedagogiske tilbod. Helse- og omsorgssektoren er ein fagleg sterk og utviklingsorientert sektor, som driv spennande prosjekt med dagsaktuelle tema i fokus, som velferdsteknologi, aldersvennlige samfunn og ferdighetstrening for autorisert helsepersonell. Ål er kåra som ein av dei beste kulturkommunene i landet, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Les mer om oss her.