ID 1805 Fysioterapeut - Eining for aktivitet og re-/habilitering
Eining for aktivitet og re/habilitering er ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar utanfor eininga.
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfaglig miljø. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv
Fysioterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Arbeidsområdet er retta mot rehabilitering, førebygging og behandling av vaksne og eldre. Individuell oppfølging av pasientar, tverrfagleg samarbeid og leiing av grupper vil vere viktige oppgåver i stillinga. Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir tilbod til innbyggjarar som ikkje kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og bistand til hjelpemiddelformidling. Behandling vert gitt individuelt eller i gruppe. Me gir også tilbod i varmtvassbasseng.
Det er frå 01.03.22, eller frå snarast, ledig fast 100% stilling for fysioterapeut.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert fysioterapeut.
- Erfaring frå kommunale fysioterapitenenester, hjelpemiddelformidling og
- rehabilitering vert vektlagt
- Rettleiingskompetanse retta mot kollega, studentar og turnuskandidatar
- Det vil verte lagt vekt på evne til fleksibilitet, samarbeid, og god
- kommunikasjon med brukar, pårørande og kollega
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og
- munnleg
- Kontinuitet i tenestene vert vektlagt
- Kompetanse og erfaring som gruppeinstruktør vert vektlagt
- Førarkort klasse B er naudsynt
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy
- med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med: Avdelingsleiar Bente Bjelland tlf: 481 89 821 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.