Prosjektingeniør
Teknisk driftavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Teknisk drift Byggleiing ved Førde sentralsjukehus har engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse.
Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 115 000 m2.
Driftsavdelinga gjev også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningsmasse.
I komande år vil utvikling av drifta fortsetje, med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av bygningsporteføljen vår. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og kompetanse. Ambulansestsjonane i Helse Førde sitt område er også del av portefølgjen.
Arbeidsoppgåver
- Leie små og mellomstore prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling, inkludert nybygg, tilpassing, rehabilitering og vedlikehald av bygg og infrastruktur
- Koordinering med interne og eksterne aktørar som arkitektar, entreprenørar, konsulentar og offentleg mynde
- Sikre prosjekterleveranse i tråd med tidsplan, budsjett og kvalitetskrav
- Delta i utarbeiding av anbudsdokument og kontrakter
- Oppfølging av HMS-krav og sikring av eit trygt arbeidsmiljø i prosjekta
- Økonomisk oppfølging, budsjettering og rapportering av prosjektstatus
- Evaluering av prosjekt og implementering av forbetringstiltak, jamfør foretaket sitt kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på master/ingeniør eller fagskule nivå fortrinnsvis innan bygg- og anleggsteknikk
- Lang erfaring og solid kompetanse kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskrav
- Erfaring frå prosjektarbeid/prosjektleiing innan bygg, gjerne frå offentlig sektor
- Ønskjeleg med kunnskap og erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsoppfølging.
- Byggherre sin representant i prosjekteringsfasen, byggefasen og overtakingsfasen
- Minimum 10 års relevant erfaring innan prosjektleiing og byggeleiing frå offentleg eller privat verksemd
Personlege eigenskapar
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
- Evne til å leie og drive prosessar og prosjekt framover
- God evne til munnleg og skriftleg framstilling
- Leggje til rette for god brukarinvolvering
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Moglegheit for relevante kurs
- Kompleksitet i oppgåver gjev meiningsfylt arbeid og personleg utvikling
- Sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Terje Jan Nes, Avdelingssjef, 415 30 517Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4882099805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2786172
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf6a02ae3a0e47dd815fc0e68942f3bc