Me søkjer etter ein engasjert
Det er ledig vikariat i Gjernes barnehage frå februar og ut juli 2023. Kor stor stillinga blir er ikkje helt sikkert per dags dato, men alt frå 50-100%.
Om arbeidsstaden:
Gjernes barnehage er ein to-avdelings barnehage med 32 barn som ligg 2 km frå Voss sentrum. Me er ein barnehage med både mannlege og kvinnelege tilsette med 12 tilsette totalt. Me er opptekne av å skapa gode dagar for barna og ein kvardag med humor. Me nyttar det fine uteområde og natur i nærleiken som arena for læring og nye erfaringar for barna.
Tidsrom:
- 13.02.2023-14.07.2023
Arbeidsoppgåver:
- Stillinga er knytt til storbarnsavdeling med 18 barn 3-6 år.
- Delta i dagleg arbeid på avdelinga i samarbeid med det pedagogiske personalet på avdelinga. Her vil du få moglegheit til å ha spennande ansvar for pedagogisk innhald opp mot ulike barnegrupper, samt påverke innhaldet i barnehagekvardagen.
- Få ansvar til å følgja opp enkeltbarn.
Me søkjer:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid. Andre søkjarar kan verte vurdert.
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå barnehage.
Personlege eigenskapar:
- Tydleg og engasjert vaksenperson.
- Ein trygg og varm rollemodell.
- Ein god relasjonsskapar til barn, foreldre og tilsette.
- Eit godt humør og byr på seg sjølv.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
- Sjølvstendig og tek ansvar.
- Beherske norsk.
Menn vert oppmoda om å søkja.
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- ein arbeidsplass med mykje humor og glede
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her