Statistikar innan medisinsk og helsefagleg kvalitetsutvikling/forsking
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4258243644 Presentasjon av stillingen:
Haukeland universitetssjukehus, seksjon for forsking og innovasjon, søkjer etter ein eller fleire statistikarar i 100% faste stillinger for å styrkje helseregionens statistikarkompetanse knytt til Regionalt Kompetansesenter for klinisk forsking og Regionalt fagsenter for medisinske kvalitetsregistre.
Både klinisk forsking og medisinske kvalitetsregistre har som overordna mål å forbetre behandling og oppfølging av pasientar i spesialisthelsetenesta. Eit aktuelt eksempel på eit medisinsk kvalitetsregister som utgår frå Helse Vest er «Norsk Intensiv og Pandemiregister, som er eit nyoppretta register som følger pasientbehandling av COVID19-pasientar nasjonalt. Kvart år publiserast fleire tusen vitskapelege artiklar i spesialisthelsetenesta i Noreg, og statistisk analyse er opplagt svært sentralt.
Arbeidet føregår i eit spennande og utfordrande kryssingsfelt mellom statistisk metode og kliniske problemstillingar. Arbeidsoppgåvene er varierte og ein vil inngå i tverrfaglege team og samarbeid knytt til ulike kliniske miljø og forskingsgrupper. Kopling mellom ulike datakjelder og stordataanalyser / kunstig intelligens kan være aktuelt. Arbeidsplassen er Haukeland universitetssjukehus, men arbeidsoppgåvene vil være regionale og knytt til dei fire helseføretaka i Helse Vest: Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Førde og Helse Fonna.
Arbeidsoppgaver
- Støtte til planlegging og design av studiar i klinisk forsking (inkl. styrkjeberekning, oppbygning av databasar)
- Rettleiing og gjennomføring av statistisk analyse
- Integrasjon og støtte til kvalitetssikring av data frå ulike kjelder
- Vitskapeleg publisering og/eller rapportering
- Deltaking i nasjonale og internasjonale fagmiljø, prosjekt mm.
- Formidling og undervisning
- Andre oppgåver i seksjonen
Kvalifikasjoner
- Mastergrad/hovudfag eller høgare innan statistikk, biostatistikk, matematikk, epidemiologi eller tilsvarande fag basert på kvantitative analyse.
- God fagleg kompetanse på både enkle og avanserte statistiske metodar.
- God kjennskap til statistiske analyseverktøy (R, Stata og/eller SPSS).
- Kunnskap i programmering, databaser (SQL, mm.) og automatisering i samband med datahandtering er ein fordel.
- Erfaring med analyse av kliniske data er ein fordel.
- Erfaring med rettleiing og prosjektarbeid er ein fordel.
- Kompetanse innan visualisering og pedagogisk framstilling av data er ein fordel.
- God munnleg og spesielt skriftleg framstillingsevne på engelsk og norsk er eit krav.
- Erfaring frå bioinformatikk og/ eller maskinlæring er ein fordel.
Personlige egenskaper
- Analytisk
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Flink til å prioritere arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Spennande, faglig utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit statistisk miljø med høgt faglig nivå med moglegheiter for å arbeide med spennande data lokalt, regionalt og nasjonalt
- Tilgang til større regionale, nasjonale og internasjonale statistiske nettverk
- Moglegheiter for fagleg utvikling, ved mellom anna deltaking på kurs og konferansar i inn- og utland
- Fleksibel arbeidstid
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Renate Grüner, Forskningsdirektør, 48110677 , eli.renate.grüner@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 28
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4258243644
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.