Spesialergoterapeut/ergoterapeut
Fys.med sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialergoterapeut/ergoterapeut
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon for Fysikalsk medisin og rehabilitering har ledig vikariat 80% stilling for spesialergoterapeut/ergoterapeut frå snarast.
Ved rehabiliteringssengeposten gir vi spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket. Diagnosegruppene er traumatiske hjerneskadar, hjerneslag, nevrologiske lidingar, ryggmargsskade, komplekse multitraumer og amputasjonar. Jobben vil bestå av oppfølging av pasientar innlagt i sengeposten.
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar som likar faglege utfordringar og har gode evner til samarbeid. Du må like å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg. Vi ønskjer medarbeidarar som er opptekne av høg fagleg standard og som aktivt kan bidra til å utvikle kvaliteten på tverrfaglege tilbod. Vi ser etter deg som har erfaring med arbeid med våre pasientgrupper. Personleg eignaheit i forhold til samarbeid, kvalitet og arbeidsmiljø vil bli særskilt vektlagt.
Vi håpar å høyre frå deg!Sjå også gjerne innom vår instagram konto: Fysmed_alesund_hmr.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere ergoterapeutiske tiltak i høve til pasienten sine behov
- Kartlegging/trening av handfunksjon, kartlegging/trening i ADL-funksjonar, kartlegging av kognitiv funksjon, søknad og tilpassingar på tekniske hjelpemiddel, bustadutbetring og bilsøknad
- Gruppe- og individuell behandling
- Delta i tverrfagleg team om oppgåver og behandling rundt pasient
- Utveksling av informasjon og samarbeid med pasientar, pårørande og lokale instansar
- Initiere og bidra til fagleg utvikling i avdelinga samt undervisning til pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- Noko arbeid på ettermiddag/kveld kan påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut, ergoterapistudentar på 3. året kan også vurderast
- Krav om særs god meistring av norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå vår pasientgruppe, spesielt innan ryggmargskade, amputasjon, nevrologi og erverva hjerneskade, vil vere ein fordel
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid er positivt
- Teknologisk kompetanse, spelteknologi og interesse for å ta i bruk digitale verktøy/hjelpemiddel er ein fordel
- Positivt med erfaring innan søknad på hjelpemiddel
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Sjølvstendig og trygg i rolla som ergoterapeut
- Serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
- Målretta og løysingsorientert
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit bredt og engasjert tverrfagleg miljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Gro Westnes Lindin, Seksjonsleiar, +47 70105751, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4881989138
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.12.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801322
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d680d86cfeaa4ab0b153d52b2369eb6d