Miljøterapeut, engasjement, 100%
Org. nr: 964980543 Stillingsident: 4240460551 Presentasjon av stillingen:
Måseide og Fiskarstrand skular fekk felles leiing skuleåret 2017/2018. Skulane er planlagt i felles skulebygg i løpet av dei næraste åra. Fram til det skjer, er dei lokalisert i to ulike skulebygg; eit i Mauseidvåg og det andre på Fiskarstrand. I arbeidet med å slå saman skulane vil vi sjå begge skulane under eitt.
Med atterhald om endra behov, har skulane ledig:100 % tidsavgrensa stilling som miljøterapeut for skuleåret 2020/2021. Stillinga er knytt til vedtak om spesialundervisning.
Arbeidsoppgåver
Støtte elevar i fagleg og sosial læring. Være kontaktperson for heim og skule og ulike hjelpetenester.
Planlegge og utføre tiltak og aktivitetar saman med elev eller gruppe av elevar. Ha ansvar for ulike oppgåver retta mot eit trygt og godt læringsmiljø som til dømes elevråd og leikepatruljen.
Kvalifikasjonar
Barnevernspedagog eller tilsvarande høgskuleutdanning.
Spesialpedagogikk, minimum 1-årig utdanning.
Dersom ein ikkje får søkar som har begge utdanningane kan stillinga eventuelt delast.
Personlege eigenskapar
Du må være aktiv og engasjert og god på relasjonsbygging. Vi forventer også at du er raus og tålmodig og kan møte borna på ein god måte, der bornet sitt behov og utviklingspotensial må stå i fokus.
Vi bruker læringsbrett i undervisninga.
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein fin arbeidsplass med gode kollega og samarbeidspartnarar.
Lønn etter gjeldande tariff.
Kontaktinformasjon
Janne Lise Dragsund Lundbø, Rektor, 70198720, janne-lise.d.lundbo@sula.kommune.no
Marianne Lykke, Assisterande rektor, 70197915, marianne.lykke@sula.kommune.no
Arbeidsstad
ingeskogen 16
6036 Mauseidvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sula kommune
Referansenr.:4240460551
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 05.06.2020