Lærarstilling
Org. nr: - Stillingsident: 4388212999 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 80% mellombels lærarstilling ved Flem skule frå 01.08.21 - 31.07.22.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er knytt til mellomsteget.
- Det ligg kontaktlæraransvar i stillinga.
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer søkjar med lærarutdanning, evt erfaring frå undervisning i grunnskulen.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein positiv, engasjert, løysingsorientert og samarbeidsvillig person, som er god til å bygge positive relasjonar til barn.
- Ved tilsetjing vert personlege eigenskapar vektlagt.
Vi tilbyr
- Arbeid i eit positivt og utviklingsorientert kollegium.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Gode pensjonsordningar og lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Tanja Mjøs Otterlei, Ass.rektor, 48070158, tanja.mjos.otterlei@alesund.kommune.no
Kenneth Ulla, Verksemdsleiar/rektor, +4741212698, kenneth.ulla@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
6293 Longva
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4388212999
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 30.05.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.