Miljøterapeutar - avlastningsbustad born og unge
Org. nr: - Stillingsident: 4240071159 Presentasjon av stillingen:
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå. Avlastningsbustad for born og unge er ei teneste i eining for habilitering/rehabilitering. Tenesta skal gi avlastning til familiar som pga. tyngande omsorgsoppgåver har behov for avlastning i bustad og skal også syte for tilrettelagt SFO i samarbeid med oppvekstetaten.
Arbeidstid etter ei kvar tid gjeldande turnus.
Frå 03.08.2020 har vi ledig:
- 70% fast stilling som miljøterapeut med arbeid på dag for tida med arbeid kvar 4. helg
- 3 x 60% fast stilling som miljøterapeut med arbeid på natt for tida med arbeid kvar 3. helg
Vi ber om at det går klart fram av søknaden om den gjeld dagstillinga, nattstillingane eller begge deler.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Etablere og vedlikehalde gode relasjonar
- Etablere og vedlikehalde gode rutiner for miljøterapeutisk arbeid
- Vere deltakar i å fremme eit godt, trygt og forutsigbart arbeidsmiljø
Fagsystema som vert nytta er Profil, Compilo og SamPro .
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse-/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
- Gjerne erfaring frå arbeid med born og unge og kjennskap til HOTL kap. 9.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Førarkort kl. B
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan søkjarar med relevant fagbrev bli vurderte for tilsetjing på nattstillingane
Personlege eigenskapar
- Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt. Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Spennende arbeidsoppgåver i tverrfagleg teneste
- Tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Lill Gullbekkhei, Einingsleiar, (+47) 46411059
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenr.:4240071159
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 03.08.2020
Søknadsfrist: 05.06.2020
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir