Leiar Setesdal Barnevern – Valle kommune
Stillingsannonsen er inaktiv.Setesdal Barnevern, Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Valle kommune har ledig fast 100% stilling som leiar i Setesdal barnevern. Stillinga er ledig frå 01.01.2023.
Arbeidsoppgaver
- Leie, koordinere og vidareutvikle fagområde, kvalitetssystem og rutinar
- Personalleiing og organisasjonsutvikling, herunder aktiv deltaking i utviklingsarbeid på leiarnivå
- Følgje opp familiar, barn og unge i våre system i tråd med Lov om barneverntenester
- Arbeide løysingsorientert inn i det tverrfaglege miljøet i våre kommunar
- Delta i vidareutvikling av digitalisering av tenesta
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning på masternivå
- Erfaring frå arbeid i offentleg barnevernteneste
- Det må leggjast fram gyldig politiattest (Barnevernsloven § 6-10) ved tilsetting, og søker må ha sertifikat for kl. B og disponere eigen bil
Personlige egenskaper
- Du har livsglede og godt humør
- Du har stor evne til å samarbeide med andre
- Du er ærleg og viser respekt for andre
- Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- Du er ein positiv pådrivar i endringsprosessar
- Personlig eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Eit spennande fagleg miljø i utvikling
- Flotte kollegaer med engasjement og høg kompetanse
- Løn etter avtale
- Gode moglegheiter til sjølv å utforme stillinga innan gjeldande rammer
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vakker natur og gode kultur- og fritidstilbod
- Barnehage og SFO med vekt på friluftsliv og aktivitet, og full kulturskuledekning
- Ei triveleg bygd å bu i
CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfald.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Vidar Homme, Kommunedirektør, 90018240Arbeidssted
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommuneReferansenr.:4583888428
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.01.2023
Søknadsfrist: 27.11.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Setesdal Barnevern, Valle kommune
Adresse
Valle sentrum, 4747 Valle
Hjemmeside
www.valle.kommune.no
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Om stillingen
Stillingstittel
Leiar for Setesdal Barnevern – Valle kommune
Antall stillinger
1
Oppstart
2. januar 2023
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 28. november 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 825d1c883e5e4a51af2fc8ce67585e18
Stillingsnummer: 29d19194-4376-4fe8-bc7b-61e37914fa26