Vi ønskjer oss ein barnehagelærar som set pris på gode relasjonar og ein variert kvardag
Org.nr.:864 968 422 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Er du den vi ser etter?
Flekke barnehage har ledig ei mellombels 100 % stilling frå 13. august 2020 og ut barnehageåret 2020/21.
Vi ønskjer oss søkjarar som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette, har engasjement og initiativ, og som kan syne empati og gje god omsorg for barna.
Kan dette vere noko som passar for deg? I så fall håper vi at du tek kontakt med oss eller sender ein søknad innan 19. april.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå. Andre med relevant utdanning og erfaring kan og søkje
- Gode norskkunnskapar
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Givande leik med flotte barn kvar dag
- Ein variert og kjekk kvardag
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Anita Nyland Skaar, Tlf: +47 57738075, Mobil +47 90171963, Epost: anita.nyland.skaar@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Flekke skule og barnehage dekker bygdene Flekke og Straumsnes. Skulen og barnehagen er samlokalisert og skulen blir frå hausten 2020 firedelt med over 40 elevar. Barnehagen har 34 plassar.
Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring.
Flekke skule og barnehage har svært gode resultat når det gjeld elevundersøkingar, tilbakemeldingar frå foreldre og nasjonale prøver.
Undervisninga på skulen vert gjort i ein kombinasjon av tradisjonelle og nye undervisningsmetodar i stadig søk etter utvikling, med sterkt fokus på elevmiljø og klasseleiing.
Flekke skule og barnehage ligg i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.