Prost i Sunnfjord prosti
Org. nr: - Stillingsident: 4185949539 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig stilling som prost i Sunnfjord prosti, Bjørgvin bispedøme.
Bjørgvin bispedøme sin visjon er:
"Saman vil vi ære Den treeinige Gud - ved å forkynne Kristus, byggje
kyrkjelydar og fremje rettferd". Bjørgvin bispedøme jobbar i perioden 2018 -- 2020 for følgjande fem strategiske mål: 1. Gudstenestelivet blomstrar 2. Fleire søkjer dåp og trusopplæring. 3. Folkekyrkja engasjerer seg i samfunnet. Diakoni, misjon, dialogarbeid. 4. Fleire får lyst til å jobbe i kyrkja. 5. Den norske kyrkja skal vere demokratisk og funksjonelt organisert.
Sunnfjord prosti ligg vakkert til mellom Nordfjorden og Sognefjorden, og går frå høgfjell og bre til havet med vakre fjordbygder og byane Førde og Florø som drivande regionsenter. Sunnfjord prosti dekkjer kommunane Kinn, Sunnfjord, Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Høyanger. Etter kommunereguleringa frå 01.01. 2020, er Kinn kommune sett saman av Flora i Sunnfjord og Vågsøy i Nordfjord, men dei fire sokna i Flora høyrer framleis til Sunnfjord prosti.
Det er 17 sokn og om lag 37 800 medlemmer i prostiet. Her er 29 kyrkjer, av desse 2 eldre kyrkjer som berre vert brukt ved særskilte høve. Det er 14 prestar i prostiet i tillegg til prosten. Prosten har for tida kontorplass på kyrkjekontoret i Førde.
Prosten leiar prestetenesta i prostiet, gjer teneste som kyrkjelydsprest slik biskopen fastset og elles dei gjeremål som ligg til prostestillinga i følgje tenesteordning for prost.
Vi søkjer ein prost som er oppteken av forkynning, liturgi og gudstenestefornying, og som brenn for gudstenesta. Vi søkjer etter ein strategisk leiar som har gjennomføringskraft, har gode relasjonsevner og trivst med å byggje fellesskap. Vi ynskjer å tilsette ein prost som vil vere med å vidareutvikle eit spennande prosti med stor spennvidde i kyrkjeleg profil. Bjørgvin bispedøme ynskjer fleire kvinner i leiande stillingar.
Målforma er nynorsk.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest jf. politiregisterloven § 39). Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil. Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Leie prestetenesta i prostiet ut frå tenesteordning for prostar.
- Åndeleg og strategisk leiing.
- Prosten skal sørgje for samvirke mellom prestetenesta og verksemda til dei kyrkjelege råda
- Motivera og leie medarbeidarar med høg kompetanse
- Administrasjon- og personalarbeid
- Innkalle og leie prestemøte for prestane i prostiet
- Gjennomføre årleg prostevitjing i kyrkjelydane
- Deltaking på prostemøte og veiledning
- Tenesta som kyrkjelydsprest vert fastsett av biskopen.
Kvalifikasjonar
- Leiarkompetanse og leiarerfaring vil bli vektlagd.
- Erfaring frå personalarbeid og administrativt arbeid vil verta vektlagd.
- God teologisk kompetanse
- Engasjert og kvalitetsbevisst i arbeidet med gudstenesta.
- Evne til strategisk tenking og god gjennomføringskraft.
- Evne til å motivera og inspirera.
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Utvikling i eit spennande og mangfaldig bispedøme
Plassering i stillingskode 0933 prost etter KA sitt tariffområde
Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
Vegleiingsgruppe for prostar
Kontaktinformasjon
Jan Ove Fjelltveit, stiftsdirektør, 951 36 898
Halvor Nordhaug, Biskop, 907 51 339
Arbeidssted
Kyrkjevegen 23 F
6800 Førde
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Den norske kirke
Referansenr.:4185949539
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2020