Vernepleiar 100 % fast stilling ved Giske ungdomsskule
Org. nr: 964 980 721 Stillingsident: 4350185583 Presentasjon av stillingen:
Frå hausten 2021 skal alle ungdomsskuleelevane i kommunen samlast i nye Giske ungdomsskule. Skulen vert lokalisert på Valderøya med om lag 365 elevar. Det vert 4 klasser på 8. og 10. trinn og 6 klasser på 9. trinn.
Giske ungdomsskule har frå 01.08.2021 ledig 100 % fast stilling som vernepleiar. Stillinga følgjer skuleruta og har komprimert år. Løna blir derfor avkorta til 89 %. Dersom ein ikkje ynskjer å arbeide avkorta år kan det vere moglegheit for arbeid andre stader i kommunen, t.d. sfo, i arbeidsfrie periodar.
Vi oppmodar menn til å søkje.
I tillegg til formell kompetanse, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sosialpedagogisk arbeid retta mot enkeltelevar og grupper av elevar
- Ansvar for kartlegging, planlegging og tilrettelegging for undervisning
- Tett samarbeid med elevar, føresette, andre tilsette ved skulen og relevante instansar utafor skulen
- Utarbeide skriftlege planar for arbeidet inn mot ulike elevar
- Erfaringsdeling og kompetanseutvikling
Kvalifikasjonar
- Godkjent vernepleiar, evt. anna tilsvarande utdanning.
- Kompetanse på å legge til rette for god livsmeistring
- God digital kompetanse
- Godt norsk språk -- skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg og personleg tryggheit
- Vilje til å stå i tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, læring og trivsel for barn og unge.
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit
- Evne til tydeleg kommunikasjon og grensesetting
- Evne til å arbeide forutsigbart og strukturert, motivere og gjennomføre
- Kapasitet til å stå i utfordrande situasjonar både fagleg og emosjonelt
- Tålmod og med interesse for å arbeide med barn og unge som står i særlege utfordringar
- Leiken, blid, engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Eit læringsfellesskap som arbeider for å skape god livsmeistring for elevane i eit trygt og utforskande miljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunalevilkår.
Kontaktinformasjon
Nina Rødland Rabben, einingsleiar/rektor, 47371121
Arbeidsstad
Valderhaug 14
6050 Valderøya
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Giske kommune
Referansenr.:4350185583
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2021
Søknadsfrist: 09.03.2021
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.