Interkommunal kommunepsykolog
100 % stilling som kommunepsykolog frå 01.07.2019. Vi ynskjer deg som psykolog med på laget!
Om psykologstillinga
Stillinga skal dekkje Ottadalskommunane Skjåk, Lom og Vågå. Stillinga er nyoppretta. Det er samstundes utlyst psykologstilling i samarbeid mellom Lesja og Dovre kommunar og ei psykologstilling i Sel kommune. Alle desse kommunane ligg i region Nord-Gudbrandsdal der det er eit breitt samarbeid innan helsetenestane, med Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter (NGLMS) på Otta som hovudsete.
Stillinga er tenkt å ha kontorstad i Lom, men med virkeområde i alle dei 3 kommunane. Psykologen er organisatorisk plassert i Helse og velferd i Lom kommune og vil få tenesteleiar for helse som næraste leiar.
Arbeidsoppgåver:
- • Psykoterapeutisk behandling av einskildpersonar og grupper -- både på eiga hand og i samarbeid med anna kommunalt helsepersonell
- • Drive rådgjeving, rettleiing og kompetanseheving til anna helsepersonell i kommunane og til føresette/pårørande.
- • Delta i tverrfagleg samarbeid med anna helsepersonell og personell i barnehage og skule.
- • Rettleie skular og barnehagar som har barn og ungdom med atferdsproblematikk/psykiske lidingar.
- • Rettleie barn/familiar der foreldre slit med alvorlege psykiske lidingar/rusproblematikk.
- • Styrke tverrfagleg samarbeid på tvers av fagområder.
- • Samarbeide med kommuneoverlegane og fastlegane.
- • Samarbeide med DPS, BUP, og andre innafor spesialisthelsetenesta.
Vi kan tilby:
- • Moglegheit for å arbeide innan fleire ulike områder innan psykologifeltet; rettleiing, konsultasjon, terapi (individuelt og grupper), samt mykje førebyggjande arbeid.
- • Moglegheit for å vere med og utforme og fremme samarbeid og gode rutinar i det interkommunale og regionale helsesamarbeidet.
- • Fagleg samarbeid og erfaringsutveksling med dei andre kommune-psykologane i regionen.
- • Stor fleksibilitet i jobben -- openheit for nye idear og tankar.
- • Kombinasjon av sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre faggrupper. Tilbod om rettleiing ved behov.
- • Variert og vakker natur.
- • Hjelp til å skaffe bustad.
Ønskja kvalifikasjonar:
Godkjent psykologutdanning, helst klinisk psykologspesialist. Det er ein fordel med klinisk erfaring. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Personleg eignaheit blir vektlagt. Det krevst særleg gode samarbeidsevner.
Generelt for stillinga:
Lønn etter avtale. Det er pliktig innmelding i pensjonsordning. Den tilsette må disponere bil. Det blir stilt krav om politiattest.
Søknad
Lom kommune praktiserer meiroffentligheit og offentleggjer i utgangspunktet alle søkjarar. Søkjarar som ynskjer å bli unnateke offentlegheit må grunngjeva dette godt.
Søkjarane må nytte vårt elektroniske søknadsskjema. Bekrefta attestar skal ikkje leggjast med, men takast med ved intervju. Vi ber om at søkjarane oppgjev minst to referansepersonar.
Søknadsfrist 01.05.2019
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med leiar for psykisk helseteneste Håvard Svestad tlf. 48149062 eller tenesteleiar for helse og velferd Synne Skogsrud Bjørgen tlf. 48165519.
Om bedriften
Lom kommune
ligg i
Ottadalen
i
Oppland fylke
og grensar i nord til
Skjåk
og
Lesja, i aust til
Vågå, i sør til
Vang, og i vest til
Luster
i
Sogn og Fjordane. Med sine tre nasjonalparkar - Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen - er Lom kanskje det næraste du kjem vill norsk natur!