Fastlegeheimel Husnes helsesenter 4.gongs utlysing
Omtale av stillinga
Ledig fastlegeheimel ved Husnes helsesenter frå 01.09.19 eller etter avtale - 4. gongs utlysing.
Kommunen har ei god og stabil legedekning med 16 fastlegar i kurativ teneste, alle med private avtaleheimlar. I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, og kommuneoverlege i 50 % stilling kombinert med 50 % stilling som sjukeheimslege. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga er fordelt slik at 10 av legane har 8 - 45 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Vaktordninga har vore stabil i mange år og er for tida 11-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt i fire geografiske områder med kvart sitt helsesenter. Dei fire områda har kvar sin helsestasjon og ergo-/fysioterapiavdeling, tre av områda har også sjukeheim. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen. Kommunen har etablert ein frisklivsentral og tilsett folkehelsekoordinator.
Ved Husnes helsesenter arbeider i dag sju fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6400, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er sjølvstendig næringsdrift i eit felles AS for drift og investering. Ein lege har sagt opp fastlegeheimelen sin, heimelen har listetak på 1200. Lista har vore lukka ei tid og vart opna frå 22.04.19, listelengda er 957 per 01.06.19. Det er ikkje "goodwill" knytt til heimelen. Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt. Listetak kan endrast når sentrale føringar for fastlegeordninga vert endra, dersom det er ynskjeleg. Det kan vurderast å dela lista på to fastlegar. Ta kontakt dersom du har spørsmål til dette! Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.