Miljøarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4219624459 Presentasjon av stillingen:
Miljøtenesta består av 7 bustader og ein avlastningsbustad ved basen på Brennebakkin. Vi gir og tenester til heimbuande brukarer elles i kommunen. Det gis tenester til personar i alle aldrar med utviklingshemming og andre med tilsvarende behov for bistand i kvardagen.
Vi har ledig følgjande stillingar:
- 31% fast stilling på natt
- 2x 13,86% faste helgestillingar
- 44,6% vikariat på natt t.o.m. 31.08.20
- Ev. andre stillingar som måtte bli ledige
Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid for tenestemottakarar som å gjennomføre ulike tiltak
- Hjelpe og rettleie brukarar i daglege gjeremål i bustaden, og vere ledsager til ulike avtaler og aktivitetar
- Nattevaktene er delvis kvilande.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar. Også andre med erfaring frå brukergruppa og interesse for målretta miljøarbeid kan søkje
- Gode norskkunnskaper, skriftleg og muntleg
Du må ha førarkort for bil og det er ein fordel om du også disponerer eigen bil. Politiattest må framleggast før du startar.
Personlege eigenskapar
- Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus
- Evne til å jobbe selvstendig, ta initiativ og være løysningsorientert
- Vere fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Nødvendig opplæring og veiledning
- Opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- God pensjonsordning
Andre opplysningar:
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ønskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Astrid Aavok, Leiar, 97546169
Arbeidsstad
Brennebakkin
2940 Heggenes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Øystre Slidre kommune
Referansenr.:4219624459
Stillingsprosent: 31%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2020
Om bedriften
Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen ? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?
Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen , men også i resten av kommunen.
Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vil stå ferdig i 2020. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.