Sommarvikar - Biblioteket Vestnes
Org.nr.:939901965 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Stillingstype
Ved Vestnes folkebibliotek er det behov for ferievikar i følgande periode:
Veke 27 og 28: to dagar pr veke og veke 29-30: fem dagar pr veke.
Det kan også bli behov for tilkalling sporadisk.
Arbeidsoppgåver:
- Utlån og innleveringar
- Sette på plass bøker
- Rettleie publikum
- Premiar og boktips til Sommerlesarar
- Forefallande bibliotekarbeid
- Følge opp smitteverntiltak
Opplæring vil bli gitt.
Kvalifikasjonar:
- Du har interesse for og kjennskap til litteratur
- Du kan arbeide systematisk, sjølvstendig og effektivt
- Du liker å arbeide med menneske og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Du beherskar også framandspråk.
- Du har god kompetanse innan IKT og digitale tenester
- Det er ein fordel om du har erfaring frå bibliotekarbeid
- Du må vere 18 år el. eldre
Vi tilbyr:
- Løn og tilsetjing i høve til gjeldande tariff, lov- og avtaleverk
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot.
Ved tilsetting som krev politiattest, skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet.
Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Vigdis Ødegård, Tlf: +47 71184084, Mobil +47 91610323, Epost: vigdis.odegard@vestnes.kommune.no
Om bedriften
Vestnes folkebibliotek ligg i underetasjen i Vestnes rådhus.
Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek som slår fast at alle kommunar skal ha eit eige folkebibliotek. Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen.