Nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog
Org. nr: - Stillingsident: 4196995144 Presentasjon av stillingen:
Nevropsykologisk eining i Seksjon for spesialisert behandling Haugesund søkjer:
- 100 % vikariat som nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog i ett år.
Nevropsykologisk eining høyrer til Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna. Eininga er i ei særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre. Pasientane kjem primært frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinetenesta. Den nevropsykologiske eininga har fem psykologstillingar og eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium som disponerer 3,5 testtekniker-stillingar.
Seksjon Spesialisert Behandling Haugesund, der eininga er lokalisert, har eit miljø som er sterkt med henblikk på utgreiing av kognitive funksjonar. Vi har i tillegg til den nevropsykologiske eininga ein eigen alderspsykiatrisk poliklinikk med to psykologspesialistar og poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemma med ein psykologspesialist og ein under spesialisering. Seksjonen er knytta til forskningsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi fem ansatte med PhD.
Arbeidsoppgåver
- Nevropsykologisk eining har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer fortrinnsvis psykologspesialist/nevropsykolog, men psykolog kan og søkje
- Vi vektlegg at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring
- Norsk (C1-nivå påkrevd for personer utan norsk som morsmål)
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Engasjert
- Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom NPF og Helse Fonna HF
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Spesialistutdanning blir tilbydd, om ein ikkje er spesialist
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Kontaktinformasjon
Monica Haraldseid Breitve, Funksjonsleiar, 91641047-52732772
Heine Hagenberg, Seksjonsleiar, 52 73 27 22
Arbeidsstad
Karmsundgate 120
5528 Haugesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4196995144
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 16.04.2020
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.