Helsesekretær
Stillingsannonsen er inaktiv.Vestnes kommune
Brugata 6, 6390 Vestnes
Org.nr.:939901965 Stillingsident: 21/2039 Presentasjon av stillingen :
Det er ledig 90 % fast stilling som helsesekretær ved Vestnes Legesenter frå 1. november 2021.
Arbeidsoppgåver Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar.
Laboratorium: prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.
Skiftestue: bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.
Resepsjon: betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.
Arkiv: svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid.
Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret.
Kvalifikasjonar
Du må ha fagbrev som helsesekretær.
- erfaring frå arbeid ved legekontor
- beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- datakunnskap
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være faglig engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referanse
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gitte Vinther, Tlf: 71184100, Mobil 90755270, Epost: gitte.vinther@vestnes.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vestnes kommune
Adresse
6390 Vestnes
Vestnes legesenter er lokalisert i sentrum av Vestnes kommune. Vestnes ligg idyllisk til, midt i Møre og Romsdal. Her er det kort avstand til nabobyane Molde og Ålesund, samt 30 min. unna Åndalsnes/Rauma. I Molde og Ålesund er det flyforbindingar til resten av landet, medan Åndalsnes har togstasjon. Vi er stolt av den flotte naturen vår med Romsdalsalpane i eine enden og Sunnmørsalpane i andre enden av kommunegrensa. Det er kort veg til attraksjonar som Rampestreken, Romsdalseggen, Trollstigen, Geiranger, Atlanterhavsvegen m.fl. Kommunen er ein båtbyggarkommune med fleire store skipsverft. Det har dei siste åra vore fokus på utvikling av næringslivet med fleire støtteordningar til lokale gründerverksemder. Les meir om den flotte kommunen vår på ivestnes.no
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 23. august 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2750189dep193519_Vestnes kommune_stepstone
Stillingsnummer: 287724b7-2664-474f-a196-03e31d9886d6