Assisterande fjellseljar
KONTORFELLESSKAPET 1724 - VANG, VALDRES
Mountains of Norway er eit salssamarbeid mellom Nasjonalparkriket Reiseliv, Visit Valdres og Visit Geilo, etablert i 2016. Vårt oppdrag er å styrke opplevingsturismen i fjellheimen på vegne av våre 30 medlemsbedrifter, gjennom å utvikle og selje fjellopplevingar til internasjonale turoperatørar som sender framtidas aktive feriegjester til Noreg. Tyskland, Nederland, England og Frankrike er våre primærmarknader. Vi jobbar på vegne av heile verdikjeda i reiselivsnæringa, med alt frå store hotell og resortar til små fjellstover, guidebedrifter, kulturaktørar og busselskap i medlemsmassen vår. Mountains of Norway har p.t. 3 tilsette, som alle jobbar med sal eller salsutløysande tiltak som visningsturar, PR-kampanjer og produktutvikling.
For meir informasjon, sjå www.mountainsofnorway.com
Arbeidsoppgåver: Sumaren er høgtid for oss fjellseljarar, med visningsturar, utviklingarbeid og fotoshoots over ein låg sko, samstundes som mange av bedriftene våre også får sine fyrste gjester og grupper på besøk frå nye turoperatørar dei har inngått samarbeid med. Vi søker difor etter eit ekstra hovud til å hjelpe oss med alt som foregår i denne perioden, herunder blant anna:
-Praktisk tilrettelegging og bistand til gjennomføring av visningsturar
-Bistand ifm. gjennomføring av foto- og filmopptak
-Dokumentasjon av turmål og produktutvikling
-Salsbesøk/workshops med turoperatørar (avhengig av tidspunkt)
-Anna førefallande arbeid som tilfell ein fjellseljar i kvardagen
Du: Fyrste bod er at du er oppriktig glad i fjellet! Ellers kan du fort bli gjennomskua som ein lite truverdig fjellseljar... Utover dette ynskjer me oss følgjande skills:
-Du er utdanna, eller under utdanning, innanfor reiseliv, friluftsliv og/eller kommunikasjon/marknadsføring
-Du pratar og skriv både norsk og engelsk utan problem, uansett om det er detaljerte turbeskrivingar eller joviale funfacts du skal lire av deg
-Du er flink til å planlegge og vera eitt steg i forvegen heile tida, slik at du kan tilrettelegge for at dei rundt deg får så gode opplevingar og arbeidsvilkår som mogleg
-Du trivst (nesten) like godt på tynn is som på grunnfjell
-Og viktigst av alt: Du har SKIKKELEG lyst på denne utfordringa
-PS: Valdresekspressen stoggar rett utanfor kontoret, men av praktiske omsyn må du ha førarprov disponere eigen bil
Me kan tilby:
-Moglegheit til å bygge nettverk med fleire av fjellheimens ypparste reiselivsverksemder, samt eit knippe internasjonale turoperatørar
-Arbeidskvardagar som består av kontrollert kaos og masse meiningsfylte oppgåver på vegen til målet om å byggje framtidas bærekraftige fjellturisme
-Løn og øvrige vilkår etter avtale + kompensasjon for bruk av eigen PC og telefon i arbeidstida
-For den rette kandidaten kan det også vera moglegheiter for eit utvida engasjement med fleire arbeidsveker seinare på sumaren
Stad: Arbeidsstad er Kontorfellesskapet 1724 i Vang, men det praktiske arbeidet vil gå føre seg rundt om i Fjell-Noreg.
Søknadsfrist 1. mars
Arbeidsperiode: 10.06-05.07
For meir om stillinga og søknad kontakt fjellseljar og dagleg leiar i Mountains of Norway Eirik Høyme Rogn eirik@mountainsofnorway.com // 971 09 903
https://www.mountainsofnorway.com/
Om bedriften
.