100% stilling for sjukepleiar - Bømlo heimeteneste
Bømlo heimeteneste har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar frå 1. mai 2019. Bømlo heimeteneste organiserer tilbod om heimesjukepleie, heimerehabilitering, praktisk bistand, dagtilbod og brukarstyrt personleg assistanse. Mål for heimetenesta er at flest mogleg av brukarane får hjelp/bistand til å meistre eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad.
Arbeidsoppgåver:
Utføre praktiske sjukepleieoppgåver og tiltak, samt observere brukars tilstand/behov
Samarbeide og veilede andre yrkesgrupper innan eige fagområde
Samarbeide med brukarane, pårørande, fastlegar, legevakt, sjukehus m.m
Samarbeid med andre kommunale tenester
Ansvar for dokumentasjon i profil
Sjølvstendig ansvar for å halde seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar:
Offentleg godkjend sjukepleiar
Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
Førarkort
Personlege eigenskapar:
Du må trives med variert arbeid, lika ein viss grad av uforutsigbarhet og til tider dagar med høgt arbeidstempo
Kunna bidra til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
Spanande og varierte arbeidsoppgåver
Eit triveleg og kjekt arbeidsmiljø saman med kollegaer som har fagleg engasjement og fokus på utvikling
Tilbod om internundervisning
Andre opplysningar:
Det er krav om gyldig politi-/tuberkulose attest
Stillinga vert løna etter gjeldande regulativ
Tilsetjinga skjer på vanlege kommunale vilkår
Ein må kunna disponera eigen bil i tenesta
Kontaktpersonar: avdelingsleiar Elin Akse Vik - 53 42 34 45 / 412 48119 eller avdelingsleiar May Linn Bortne - 53 42 34 44 / 917 63 643