Kapellan i Åsane prosti - Arna sokn
Vi har ledig stilling som kapellan i Åsane prosti, med Arna sokn som tenestestad.
Vi ser etter ein prest som ynskjer å delta i kyrkjelyden sitt arbeid med å tilby opne og inkluderande møtestader på kvardagar og eit rikt og variert gudstenesteliv på søndagar. Vi har god oppslutning om gudstenestene i soknet. Faste gudstenestegrupper deltek i førebuing og gjennomføring, og vanlegvis har vi kyrkjekaffi etter gudstenestene. Det kyrkjemusikalske arbeidet i soknet har stor breidde og høg kvalitet, til dømes har vi gjennom året både band, kor og klassiske orkestergrupper med på ulike gudstenester.
Arna sokn ligg i Arna bydel, åtte minutt med tog frå Bergen sentrum. Bydelen er ei blanding av drabantby og industri- og bygdesamfunn. Folketalet i soknet er rundt 11 000, med om lag 7800 medlemmer av Den norske kyrkja. Staben i Arna sokn består av sokneprest, kapellan, kateket, trusopplærar, kantor, kyrkjetenar og administrasjonsleiar. Kateketen har hovudansvaret for konfirmantundervisninga mens trusopplæraren har hovudansvaret for trusopplæringsarbeidet elles.
Arna kyrkje ligg sentralt plassert like ved handelssenter og togstasjon. Kyrkja er ei lys og vakker steinkyrkje frå 1865. Like ved kyrkja ligg Arna kyrkjelydshus, med gode lokale for eit breitt spekter av tiltak for ulike aldersgrupper. Her arrangerer vi mellom anna babysong, open barnehage, ungdomsklubb, temakveldar, seniorsenter og klubb for funksjonshemma. Kyrkjelydshuset inneheld også tenlege kontorplassar for dei tilsette.
Soknet er ein del av Åsane prosti som består av sokna Arna, Biskopshavn, Eidsvåg, Salhus, Ytre Arna, Åsane og sokna på Osterøy. Dessutan er to fengselsprestar knytt til prostifellesskapet, som totalt er 17 prestar. Etter nærare avtale med prosten samarbeider prestane i Arna, Ytre Arna og på Osterøy om ein del tenester.
Les meir om Arna sokn her: https://kirken.no/arna.
Skrift- og liturgispråk i Arna er nynorsk.
Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og bør disponere bil.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- kyrkjelege handlingar og gudstenester etter oppsett plan
- deltaking i konfirmantarbeid og ungdomsarbeid
- samarbeid med barnehagar og skular
- deltaking i diakonalt arbeid, som opne verestader og institusjonsbesøk
- beredskap etter gjeldande ordning i Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- cand. theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
Personlege eigenskapar
- evne til god kommunikasjon med breidda i folkekyrkja
- evne til å byggje gode relasjonar
- evne og vilje til samarbeid
Vi tilbyr
- stillingskode 0922 kapellan etter KA sitt tariffområde
- pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- reisegodtgjersle etter gjeldande regulativ
- særlege regulativmessige godtgjeringar
- arbeidsrettleiing (ABV)
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, personalsjef, 996 25 480Leif Endre Grutle, prost i Åsane prosti, 976 29 150
Arbeidsstad
Lakslia 195261 Indre Arna
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Den norske kirkeReferansenr.:4594555923
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2023