Miljøterapeut/-arbeider
Org. nr: - Stillingsident: 4259575803 Presentasjon av stillingen:
Haugen bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med funksjonshemming. Bufellesskapet har døgnbemanning og dei tilsette har ulik fagbakgrunn. No søkjer me etter ein ny medarbeidar til stilling som miljøterapeut eller miljøarbeidar. Stillinga inneber arbeid i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Stillinga er ein fast stilling i 85 %, ledig frå 01.09.20
Dersom me tilsett ein intern søkjar i stillinga, kan det bli aktuelt med fleire tilsetjingar.
Arbeidsoppgåver
- Yte heilskapleg pleie og fagleg omsorgstilbod til brukerane
- Yte brukerne den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar
- Målretta miljøarbeid i bustad, på dagsenter og med fritidsaktiviteter
- Legemiddelhåndtering
- Samarbeid med pårørende/verge og andre
- Delta i fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak
- Følgje opp miljøpermer og prosedyrer
- Medansvarleg til å skape eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
- Dersom me ikkje lukkast å rekruttera person med rett kompetanse kan helsefagarbeidar verte vurdert for tilsetjing i eit år
- Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er eit føremon
- Gode kommunikasjonsevner, både skrifteleg og munnleg
- Grunnleggjande datakunnskap
- Førarkort for bil klasse B er eit føremon
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. lov om helsepersonell §20 a
Personlege eigenskapar
- Engasjert og deltakande i personalgruppa
- Er positiv, og evner å motivera og engasjera
- Du ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheter
- Er fleksibel og evnar å jobbe målretta og strukturert
- Personlege eigenskapar som sjølvstende, løysingsorientert, stå på vilje, ansvarleg og lojal vert vektlagt
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 85% fast
- Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer
- Eit utfordrande, godt og meiningsfylt arbeidsmiljø
- Løn etter regulativ
- God pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv (IA-verksemd).
Kontaktinformasjon
Hildur Heie, Helse- og sosialsjef, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Irene Røssland, Avdelingsleiar, 53432164, Irene.Rossland.matre@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Haugen bufellesskap
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4259575803
Stillingsprosent: 85%
Fast
Startdato: 01.09.2020
Søknadsfrist: 02.08.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.