Undervisningsstilling i Økonomi og Norsk - Dale vgs
Stillingsannonsen er inaktiv.Sogn og Fjordane fylkeskommune - Dale vgs
Norge
Dale vgs har frå 01.08. 2019 ledig inntil 100% undervisningsstilling som omfattar økonomi og norsk.
Det er aktuelt å søkje også om ein berre har eitt av faga, eller eitt av faga i kombinasjon med andre undervisningsfag i vgs. Kontaktlærarfunksjon er aktuelt å leggje til stillinga.
Oppgåver og ansvar
- Undervisning i programfaget økonomi på Vg2 studiespesialiserande. Undervisning i norsk på studiespesialiserande og/eller yrkesfag (alle trinn aktuelle).
Krav til kompetanse
- Søkjar må ha minimum 60 studiepoeng for å ha undervisningskompetanse i faget.
- For å bli fast tilsett må ein ha godkjent praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dersom ein ikkje har PPU, må ein vere villig til å gjennomføre det.
- Gode datakunnskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i nynorsk og bokmål
- Undervisningserfaring frå vidaregåande skule er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Fagleg sterk og engasjert
- Har evne til å byggje god relasjonar til elevane
- Greier å formidle fagstoff på ein motiverande måte
- Er oppteken av god vurderingspraksis og har fokus på at elevane skal få konstruktive framovermeldingar i faga
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ha god struktur på undervisninga og gi elevane oversiktlege arbeidsplanar
- Gode samarbeidsevner ønskjeleg
- Kjennskap til digitale verktøy og innstilt på å bruke dette i opplæringa
Dale vgs har eit aktivt fagmiljø og nye lærarar får eit nært samarbeid med kollegaer som gjerne diskuterer og deler undervisningsopplegg. Som ny lærar får ein tildelt ein mentor som følgjer ein opp fagleg og kollegialt.
For stillinga gjeld:
- Løn etter gjeldande regulativ
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
- Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- 6 månaders prøvetid Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9. Attesterte kopiar av vitnemål/attestar vert å leggje fram ved ev. intervju. Vi tek atterhald om at tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune kan ha førerett til stillinga.
Ta kontakt med rektor Gro Fivelsdal, tlf. 57 63 70 00 / 901 49 611, for nærmare informasjon.
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.
Søknadsfrist: 02.juni 2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune - Dale vgs
Adresse
Trolleskaret, 6963 Dale i Sunnfjord
Dale vidaregåande skule ligg i Fjaler kommune, nærmare bestemt i kommunesenteret Dale i Sunnfjord. Skulen tilbyr Studiespesialiserande, Helse- og oppvekstfag, Teknikk og industriell produksjon, Industriteknologi og Påbygging. I tillegg har vi helsearbeidarfagopplæring for minoritetsspråklege vaksne. Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Det er i dag rundt 190 elevar og 45 tilsette ved skulen. Visjonen vår er «Vilje til visdom og vennskap».
For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.dale.vgs.no
Om stillingen
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. juni 2019
Hentet fra: AMEDIA
Referanse: 3496891
Stillingsnummer: 27e31233-511c-42c2-8249-05f323285d1c