Rådgjevar i oppvekstsektoren - 100% fast
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad Kommune
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Norge
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune har ledig ein fast 100% stilling som rådgjevar i oppvekstsektoren.
Stillinga er knytt til sektorkontoret for oppvekst. Rådgjevarstillinga inneheld både rådgjeving, kvalitetssikring og
oppfølging til einingar i oppvekstsektoren og saksutgreiing til politikarane, Stillinga rapporterer direkte til sektorleiar for
oppvekst.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming i administrative og politiske saker innan skule/ barnehage
- Samordnings- og utviklingsoppgåver
- Prosjekt
- Rapportering og tilsyn
Vi søkjer
Kvinnherad kommune søkjer rådgjevar med pedagogisk, økonomisk eller juridisk bakgrunn.
Relevant etter- og vidareutdanning og erfaring innan kommune- og/eller oppvekstsektoren vert vektlagt.
Vi søkjer ein engasjert, sjølvstendig, raus, nyskapande og brukarorientert medarbeidar.
Gode digitale dugleikar, samarbeidsevne og evne til god skriftleg og munnleg framstilling er avgjerande i stillinga.
Vi tilbyr
Vi tilbyr interessante arbeidsoppgåver i eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Vi tilbyr utfordrande oppgåver for barnehage- og skuleeigar ut mot einingane og god fagleg utvikling.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal vere offentlegg må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad Kommune
Adresse
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Hjemmeside
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og
handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev
naturtilhøve for friluftsliv heile året.
I Sektor for oppvekst er 15 kommunale skular, 9 kommunale barnehagar, kulturskulen og
eininga barn og familie.
Om stillingen
Stillingstittel
Pedagogisk konsulent
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 16. desember 2021
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 27b09efa-ad70-412a-88c3-d9b73b12e12e
Stillingsnummer: 27b09efa-ad70-412a-88c3-d9b73b12e12e