Rektor Engelsvoll skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Klepp kommune, Engelsvoll skule
Engelsvollvegen 91, 4353 Klepp Stasjon
Org. nr: - Stillingsident: 4373840414 Presentasjon av stillingen:
Spanande leiarstilling i Klepp kommune - Rektor Engelsvoll skule
Vil du vera med å skapa framtidas skule? Vi søker no ein dyktig leiar som ønsker å vera med på den vidare utviklinga av Engelsvoll skule. Kommunen og skulen er ein del av Jærskulen. Dette gir oss god fagleg utvikling og eit solid nettverk, på tvers av kommunane på Jæren.
Skuleåret 2021/2022 er det rundt 185 elevar og 28 tilsette på skulen.
Satsingar dette skuleåret er inkluderande skulemiljø og tidleg innsats. Fagfornyinga og utvikling av praksis er og sentralt. Læringsbrett er sentralt i læringa.
Arbeidsoppgåver
- Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring
- Du har erfaring og kunnskap frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
- Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning
- Kunnskap og erfaring innan IKT
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Kvalifikasjonar
- Leia og motivera tilsette i profesjonelle lærande fellesskap
- Målretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbytte til elevane Leia skuleutvikling
- Skapa godt samspel med elevar, tilsette, foreldre og nærmiljø
- Du har evne og interesse for å vera med å skapa eit positivt lærings- og arbeidsmiljø og eit godt skule/heimsamarbeid
- Driva økonomistyring og resultatkontroll
Personlege eigenskapar
- Du involverer gjennom profesjonelle lærande fellesskap og har gjennomføringsevne
- Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd
- Du er god til å kommunisera, leggja til rette for samarbeid og skape gode relasjonar på alle nivå.
- Du er opptatt av dialog og har ein verdsettande måte å leia tilsette på
- Du er fleksibel, lojal og har godt humør Du jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert
Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande jobb
- Rettleiing for nye rektorar
- Tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og Jærskulen
Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler.
Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk
Tilsetjingspunkt etter avtale
Kontaktinformasjon
Jan Harald Forsmo, Skolesjef, 46944273, jan.harald.forsmo@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Engelsvollvegen 91
4353 Klepp Stasjon
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kommune
Referansenr.:4373840414
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Klepp kommune, Engelsvoll skule
Adresse
Engelsvollvegen 91, 4353 Klepp Stasjon
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. april 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4373840414_Klepp kommune, Engelsvoll skule_webcruiter
Stillingsnummer: 27acdcee-bbf8-460c-a343-81e39f550b12