Me treng ringevikarar i reinhaldsavdelinga
Vi ønsker no å knyta til oss ringevikarar som kan steppe inn ved feriar, sjukdom og lignande.
Arbeidsoppgåver: Dagleg reinhald, både manuelt og med maskinar.
Me arbeider etter innemiljøstandarden med arbeidstid frå 0600 - 1330 og fylgjer ikkje skuleruta. Arbeidstida kan endrast etter behov frå arbeidsgjevar.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. strafferegisterlovar. Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Krav til kompetanse
- fagbrev er ønskjeleg
- har førarkort og kan disponera eigen bil
- gode IT-kunnskapar
- dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språksnivå tilsvarande B1
Personlige eigenskapar
- du har interesse for og ønskje om konstant læring og utvikling
- du er positiv, fleksibel og serviceinnstilt
- evne til å arbeida sjølvstendig og målretta
- vi legg vekt på kommunikasjon og samhandling
- god orden og ryddighet
Stillingsnummer: 20/346
Om bedriften
Me er 43 personar i reinhaldsavdelinga, der kommunikasjon og samhandling vert vektlagt.
Arbeidslivet endrer seg raskt og krav til kompetanse blant arbeidstakarane auker. I dei seinare åra har me gjennomført ei rekkje kurs - og kompetansehevande tiltak i avdelinga, der målet er å visa at jobben vår er mykje meir enn å berre fjerna smuss. Me vil fortsetja utviklinga med kurs og kompetanseauke for å vera i stand til å meistra framtidas utfordringar.
For å sikra lik kvalitet på reingjeringa og variasjon i arbeidsoppgåvene for den einskilde tilsette, har me innført rulleringssystem. Ingen har fast arbeidsstad, men rullerer mellom dei einskilde kommunale bygga.
Organisering, teamarbeid og kursverksem kreva at søkjar har gode norskkunnskapar. Erfaring og kunnskap i bruk av data, dataprogram og smarttelefon er ønskjeleg.