Lege - arbeidsretta rehabilitering
Det er forskjellige spesialitetar som kan vera aktuelle for AiR. Dette kan til dømes vera fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin, eller andre. Teneste ved AiR-klinikk er også godkjent som institusjonsteneste for legar i spesialisering innen fysikalsk medisin og rehabilitering.
Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfaglig kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.
- AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
- Me har i tillegg eit kartlegging- og vurderingsteam beståande av lege, arbeidskonsulent, samtaleterapeut og fysioterapeut.
Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling saman med medarbeidarane dine, noko som har stor prioritet i klinikken.
Arbeid- og ansvarsområde:
- Bidra til å styrke ressursar og moglegeheiter for personar med samansette plager og nedsatt arbeidsevne gjennom:
- Individuelle konsultasjonar og rettleiing
- Medisinske vurderingar
- Søknadsvurdering
- Fortløpande journal- og epikrisearbeid
- Undervising
- Tverrfagleg sparring og samarbeid
Faglege kvalifikasjonar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Erfaring med tverrfaglige funksjonsvurderinger er en fordel
- Interesse for undervising og gruppeprosessar
- Teamspelar som kan gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
- God skriftleg framstillingsevne
- Erfaring med fagområdet er ei føremon, men ikkje eit krav
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
- Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
Søknadsfrist 17. mai 2020
For meir informasjon, kontakt:
klinikkleiar Matias I.S.W. Nielsen, tlf. 35 06 28 00, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no eller ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf. +47 474 63 408 / siri.morch@air.no
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta innan arbeidsretta rehabilitering. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på best practice innanfor fagfeltet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeven av flott natur som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. AiR har totalt fem stillingar for legar.