Vågå Kommune søkjer etter Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA) til jente (12t/veke). Ønskje om snarleg oppstart.
Stillingsannonsen er inaktiv.Vågå kommune
Vågå kommune
Vågå Kommune søkjer etter BPA til jente for hjelp til fritidsaktiviteter, aktivisering og andre gjøremål ut i frå brukarens form og ønskjer. 12 timar per veke.
Brukarstyrt personleg assistanse er ein alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for funksjonshemma som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Til denne konkrete stillinga har foreldre rolla som arbeidsleiar og påtek seg større ansvar for organisering og innhald i forhold til brukarens behov. Innom dei timerammer som kommunens vedtak om praktisk bistand angjev, kan brukaren/arbeidsleiar i prinsippet styre kven ho vil ha som assistent, kva assistenten skal gjøre, kor og til kva for tider hjelpen skal gis.
Målet er å bidra til at brukaren får eit aktivt og meist mogleg uavhengig liv til tross for funksjonshemming. Nokre av brukarens interesser:
- Sykle
- Enkelt handarbeid
- Sitte på i bil (køyreturar)
Brukarens assistansebehov:
- Aktivisering og fritidsaktiviteter
Du er :
- aktiv og glad i å finne på ulike aktivitetar. Jenta er blandt anna veldig glad i å sykle om sommaren.
- trygg på deg sjølv og bevarar roen i krevjande situasjonar
- løysningsorientert,
- positiv og tålmodig
- allsidig og fleksibel
- ansvarsfull
- god og tydeleg i kommunikasjon på norsk
- må kunne arbeide etter oppsett arbeidsplan
Du innehar førarkort klasse B.
Personleg skikkaheit mot brukaren vil bli vektlagt.
Arbeidstid og mengde:
Stillinga er på 12 timar per veke, men kan variere utifrå behov.
Arbeidstida vil fyrst og fremst være på ettermiddag i kvardagane, men også nokre timar på helg etter avtale med arbeidsleiar. Arbeidsplan blir satt opp i lag med foreldre.
Arbeidsleiar: Foreldre
Arbeidsgjevar: Vågå Kommune
Oppstart: Ønskjeleg med snarleg oppstart
Er du interessert ønskjer vi gjerne at du tek kontakt med avdelingsleiar ved Heimetenesta, Guro Einbu, guro.einbu@vaga.kommune.no eller 97052650. .
Korleis søkje?
Søknad for stillinga ++skal++ sendast på elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist: 25. april 2021.
Attestar og vitnemål sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller som vanleg post til Vågå kommune, Edv. Stormsv 2, 2680 Vågå.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vågå kommune
Adresse
Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. mai 2021
Hentet fra: Vågå kommune
Referanse: 45585
Stillingsnummer: 276e7725-ebf4-45bd-9483-db677dcc4612